Gruppe 4
- Instruktørar: Bjørn Olav Benjaminsen
- Alderstrinn: Vaksne.
Dette er ei rein teatergruppe. I løpet av året har dei som regel to store prosjekt: Revy 17. mai, og ein større framføring om hausten / vinteren.
Dei siste åra har dei i tur og orden framført ”Spelemann på taket”, ”Grease” og i januar/februar 2006, ”My Fair Lady” som vel var den største framføringa LUL har hatt så langt, med strålande kritikkar i lokalaviser og BT. Til og med Vestlandsrevyen var på besøk.
Dei har og i fleire år hatt eit godt samarbeid med Lindås Læringssenter (LLS) med mellom anna ei framføring av Grand Prix-melodiar, og ei med ABBA, og sist i november 2005 ”Godt og blanda, søtt, salt og Åge”. Ei framføring som i hovudsak var bygd på songar av Åge Aleksandersen.
Januar 2007 tok dei ei oppsummering av dei siste 30 åra med framsyninga ”OmAttAtt” Dette var eit utdrag av gamle og nyare revyar og andre framføringar. Her var artistar som framførte nummer som dei hadde på 80 og 90-talet og endå lenger tilbake.
I februar 2008 fremførde dei ein Musikal-tidsreise. Eit utdrag av fleire kjendte musikalar frå langt tilbake og til nyare ting. Siste framsyning var den årlege revyen på 17.mai.
Gruppa består for tida av ca 40 vaksne.
Gjengen i "My Fair Lady"