Med LOAS på Dissimilis-festival
Fredag 10.juni la fem gutar frå Lindås opplærings og aktivitetssenter ut på tur saman med ei lita gruppe frå Lindås Ungdomslag. Med på turen var og diverse foreldre og andre skuelystne. Største del av gjengen tok fly fredags ettermiddag, mens nokon ville helst ta toget. Destinasjonen var hovudstaden og Disimilisfestivalen. Gutta frå LOAS har øvd lenge på programmet saman med sin lærar og mentor Siv Brundtland som har gjeve namnet til gruppa "Brundtland og Gutta". På programmet sto "Gamal jegermarsj", "Eventyr" av Olav Stedje, "Grevling i taket" og "Kaptein Sortebill". Marius Rødland, Siv-Marit Halsøy og Beate Fjellanger frå Lindås Ungdomslag var med på dei tre siste øvingane og no var alle klare for å visa Oslo kva me kunne.
Me kom vel fram og fekk så vidt sjekka inn på hotellet før det bar ut for å utforska nærmiljøet. Etter litt avslapping på uteserveringa til Torstrup kjellaren var me alle einige i at Pizza på Peppes var neste stopp på programmet. Dei fleste gjekk tidleg og la seg for å væra klar til den store dagen, som for oss var laurdagen. Alle låg nok og vrei litt på seg av nervøsitet før dei fekk sovna, men alle var friske og opplagte dagen etter. Det einaste skår i gleda var at det var noko overskya og regn i lufta. Når alle hadde fått frukost og var klare var det å hiva seg i den ventande taxien og setta kursen mot Frogner-parken og Dissimilisfestival!
Gutta
saman med Jostein Hasselgård. |
Dissimilis koret starta dagen med å synge og danse saman med dagens konferansier Jostein Hasselgård, og me som skulle synge som nummer tre gjekk for å gjere oss klar. Mens me stod bak scena begynte nervane og verkelig boble opp til overflaten. Nokon var så nervøse at dei ikkje klarte å stå i ro. Andre så nervøse at dei ikkje klarte å gjera noko anna enn å sitja i ro, mens resten sprang fram og tilbake for å henta ting me hadde glømt, dela ut noteklyper og skifta til rette t-skjorter. Jostein Hasselgård som er kjend frå bland anna "Grand Prix" og NRK sin "Julemorgon" kom og snakka litt med oss før det var tida for oss til å gå på scena.
Nervøsiteten nærma seg eit klimaks mens me gjorde dei siste forberedelsande, men når me skulle begynne å opptre var all nervøsitet som blåst vekk og me gjorde ein riktig så fin opptreden. Spesielt likte publikum Kaptein Sortebill der me var utstyrte med Sjørøverhattar og sverd. Når me gjekk av scena var det sjølvsagt pressefotografering og autografskriving. Sola hadde kikke fram medan me spelte, og det vart ein varm og fin dag som blei avslutta med båttur på Oslofjorden. Søndag sat me snuten heimover igjen og me kunne konstatera at det hadde vært nok ein vellukka tur til Dissimilis-festivalen. Og me drar nok attende neste år!