Sparkel og song for Gruppe 4
I helga 18.-20.november var det klart for første øvingshelg fram mot My Fair Lady, og Bjørn Olav hadde planen klar. Denne kalde og regnfylte helga skulle ungdommane få læra seg og sparkla.
|
Fredag møtte ein flott gjeng på 14 personar med friskt mot og vett i panna Og det skulle visa seg å verta ei utfordrande helg for gjengen som er vant til å gå med sminke og stå på scena. Me byrja med eit lite innføringskurs i sparkling. Sparkling; denne fornøyelige teknikken som glatter ut ujamnheitar i underlag og gjev oss ei slett og fin overflate. Dersom det utførast rett, vel og merka.
Stemninga var god, me song, me lo, me sparkla, og før me visste ordet
av det var 4 timar gått og me måtte gå heim for kvelden.
Laurdag kom, og ein ny dag med nye moglegheiter opna seg. Me sat i gong
med å pussa av overskuddssparkel og fortsette med å mala alle kulissane,
og Siv Marit og Beate fekk ansvaret for å skaffa mat til flokken. Det vart
til slutt noko så spanande som den norske tradisjonelle maten grandiosa.
|
Klokka 16.00 hadde alle kulissedelane fått eit strøk med grunning, og me gjekk
slitne og lukkelege heim, og gleda oss til neste dag.
Sundag formiddag fekk den elles så glade og ivrige gjengen ein liten knekk.
Det visa seg at me ikkje var riktig så gode på sparkling som me trudde.
Arbeidsleiar Bjørn Olav hadde sett over dei ferdig grunna kulissane og avdekka
feil og manglar. Så då var det til sparkla igjen, og smått om senn var humøret stigande igjen.
|
Vårt nyaste og resirkulerte medlem av musikken; Øystein Veland fekk ei stor stjerna i boka då han tok oppfordringa vår om å spela julesongar på piano. Gleda var stor!!
Og som ikkje det var nok hadde vår heilt eigen og fantastiske Hallvard laga middag til oss. Takk Hallvard, det smaka fortreffeleg.
Så var det tida for å pakka saman alt utstyret og vaska golvet.
Og me kunne konstatera at da hadde vore ei strålande helg, som me håpar kan virka freistande for fleire. Sånn at på neste kulisse helg vert me endå fleire arbeidsfolk!