• Hovudmeny
  • Heim
  • Nyhende
  • Framsyningar
  • Billettar
  • Galleri
  • Grupper
  • Portretter
  • Kurs
  • Om oss
  • Styr og stell
  • Oppslagstavle
  • Kontakt oss
  • Gjestebok
Sponsor

Barnelagsstemna på Voss, 3.- 5.juni

Også i år stilte Lindås Ungdomslag med den største gruppa med born på stemne. Denne gongen var det 50 born påmeldte i aldersklassane 2. til 7.klasse (gruppe 1 og 2). Dette var den største gruppa me har sendt på stemne nokon gong, og det viser den store oppslutninga LUL har i laget. Også 10 entusiastiske foreldre reiste med i følgjet.

Det har vore ei fantastisk innsats og pågangsmot frå dei 7 instuktørane som delar oppgåva; Iren Wergeland, Gry Haugland, Anne Grete Syslak og Ingrid Aven for gruppe 1, og Helga S. Hellestveit, Hanne Ellingsen og Ingrid Aven for gruppe 2.

All æra til dei!!

Ikkje nok med det. I tillegg til øving for deltaking på samdansen, øvde gruppe 2 på underholdning. Dei tok utfordringa og melde seg på med 1/2 time underholdning, og viste utdrag frå "Hakkebakkeskogen" og "Taremareby". Dette framførte dei for dei andre laga som deltok på stemnet.

FLOTT INNSATS!!

Lindås Ungdomslag 2005, xhtml, css