"Lucy in the sky"

Månader med øving vart løna med fullsett sal og suksess for jentene bak "Med Beatles på plakaten"
- Dette var kjempebra, Beate! seier forbipasserande til BEate Fjellanger når teppet har gått ned og
skodespelarar og musikkansvarlege har fått velfortjent applaus i Haugatun
Fjellanger har vore ansvarleg for det dei 11 jentene i alderen 14-15 år frå ungdomslaget på Lindås framførte på scena søndag.
Fullt hus
Dei har øvd til stykket sidan september i fjor, og framførte søndag kveld "Med Beatles på plakaten" i Haugatun samfunnshus,
og ikkje ein einaste ledig stol var å sjå. Med på laget hadde dei Lindås Skulekorps med Frode Rydland i leiinga.
Skulekorpset gjorde også ein fantastisk jobb, og batt heile stykket saman med flott musikk.
Lårkort
Framsyninga synte to jentegjengar, ein frå 60-talet der jentene hadde lårkorte kjolar og oppsatt hår,
og ein jentegjeng frå notida meir liknande slik jenter går kledd idag.
Kostymane dei brukte frå 60-talet gjorde det svært kjekt å sjå på, og det var nok ein del av publikum i salen
som kunne mimra tilbake til dei yngre dagar då håret var langt og kjolane korte.
Kjende songar
Historia drog fram kor banebrytande The Beatles var på 60-talet, og at nokre tykte at "innhaldet i det dei dreiv med var litt på kanten".
Ungdomslaget tok fram den eine kjende songen etter den andre, blant anna "Lucy in the sky with diamonds", "Come together",
"All you need is love" og til slutt "Penny Lane".
- Alt på skinner
Både Beate Fjellanger i ungdomslaget og dirigent Frode Rydland seier det har vorte mykje til tider, men når dei såg kor godt
frammøte det var under framsyninga kunne dei berre smila og seie seg godt nøgde.
- Alt gjekk på skinner under framsyninga, og det var kjempegøy når me fekk fullt hus i kveld, smilar Fjellanger og Rydland.
Beate Valaker - Strilen, 28.Mars 2006