Teater er den beste medisin

Å oppleva at menneske veks og meistrar ei oppgåve, er det største.
At teatreframsyninga vert ein suksess er berre ein bonus, seier teaterinstruktør Bjørn Olav Benjaminsen i Lindås Ungdomslag
Bur: Bjørsvik
Familie: Gift, fire born
Jobb: Myhrens Jernindustri
Aktuell: Har vore teaterinstruktør i Lindås Ungdomslag i fleire tiår, sist med suksessen My Fair Lady.
Svingane ned mot bygda Bjørsvik i Lindås er alltid litt imponerande - ei slags miniutgåve av Trollstigen. Tidlegare var dette eitt av dei store industrisentera i Lindås. I dag er det stille. Ein kan likevel nesten ikkje unngå å sjå for seg flokkar med folk på kaien. Dette området passar liksom best med stor aktivitet. Kontrasten mellom det ein ser for seg i fantasien og det tomme kaiområdet er stor. Det går ein liten veg til høgre langs sjøkanten. Vegen er så smal at ein eit par gonger lurar på om han er køyrbar.. men det går. Nokre hundre meter langs denne vegen står nokre hus. I eitt av desse heldt teaterinstruktør Bjørn Olav Benjaminsen til, når han ikkje arbeidar med teater i Haugatun på Lindås.
Ein potet
Teaterinstruktør er forresten ikkje tittelen hans. Benjaminsen har anna arbeid og. Men sjølv folk som han har
arbeidd nært med i ei årrekkje i Lindås Ungdomslag, er heilt klar over kva som er yrket hans.
Eg arbeider med konstruksjon i Myhrens Jernindustri. Skal eg vera litt vidløftig, så heiter det vel design for
alt eg veit, seier Benjaminsen og ler.
Og ler, det gjer han under store delar av intervjuet. Hovudprodukta til denne verksemda er møblar til offshore.
Benjaminsen likar ikkje flotte titlar. Då han arbeidde for Eknes Industrier, hadde han oppgåver som testing,
utvikling og såkalla "after sale". Det siste gjekk ut på å følgja opp kundar i inn og utland.
Eg titulerte meg den gong som "potet", seier han gjennom enno ei latterkule. "Pota" kunne han også ha brukt,
men det var ingen som forstod. Korleis utlendingane reagerte når han presenterte seg som "potato", seier han
derimot ingen ting om.
Ikkje stressa av arbeid
Eg brukar teaterarbeid til å kopla ut alt anna. Ein vert ikkje stressa av mykje arbeid, berre ein meistrar
situasjonen, seier Benjaminsen.
- Vert du sjølv aldri stressa?
- Å jau. Og eg har fått betala for det. Men stress kjem ikkje av at ein har mykje å gjera. Det kjem av
andre årsaker, seier han, og no ler han ikkje.
Han fortel at å jobba med teater når det er motbakkar i livet, er betre medisin enn det ein får kjøpt på
apoteket. Teaterarbeidet krev at ein må kutta ut alle andre tankar.
Benjaminsen starta si yrkeskarriere på sardinfabrikken i Bjørsvik. Han fekk så jobb hjå ein byggmeister i Bergen.
Det likte han godt, men han ville heim att etter ei tid. Han dreiv som bygningsmann i nærområde i mange år, og
både teikna og bygde hus. Men så fekk han problem med ryggen. Det var då han byrja hjå Eknes Industrier, og var
der heilt til produksjonen vart kraftig redusert. No er det altså Myhrens Jernindustri som er arbeidsplassen hans.
I kontakt med teater
Teater kom han i kontakt med alt som liten gut. Han hadde ei tante i Bergen som tok han med fleire gonger
på de gamle Kommedia teater i Bergen.
Heime i Bjørsvik klarte han å snika seg inn på ei teaterframsyning som heiter "Kjærleik og svartsykja"
i Bjørsvik Mål- og Ungdomslag.
- Hovudrolleinnehavaren gjorde eit usletteleg inntrykk, smiler teaterinstruktøren.
Miljøet i Lindås Ungdomslag kom Benjaminsen i kontakt med gjennom musikken. Som gitarist og vokalist spelte
han til dans i mange år med gruppa "Happy Boys", og var då fleire gonger innom Haugatun.
- Eg har spelt i korps. Var kornettist i Bjørsvik Musikklag. Eg har til og med spelt konsert med Eikanger
Bjørsvik Musikklag. På stortromme. Eg slo kvar gong dirigenten peika på meg, ler Benjaminsen.
Oppteken av menneske
Lindås Ungdomslag engasjerte "Happy Boys" som orkester til to revyar for rundt 30 år sidan.
- Etter møtet om den tredje revyen, oppdaga eg då eg reiste heim at eg skulle vera ein av to instruktørar,
fortel han.
|
Sidan den tid har han vore svært sentral i teaterarbeidet i Lindås Ungdomslag. Folk i ungdomslagsmiljøet seier at Benjaminsen er roleg, veldig oppteken av menneske, filosofisk, fæl til å prata, men ikkje streng. Dei som kan hugsa at han vart sint - eller kanskje mest skuffa - ein gong. Det var då nokon hadde gjort innbrot og stole utstyr i ei brakke ved Haugatun. Dei seier at han ikkje først og fremst vart sint fordi utstyret forsvann, men fordi han ikkje kunne forstå at menneske kunne vera så simple at dei stell frå nokon som driv eit stort dugnads- og ungdomsarbeid til beste for bygda. Dette var ein stor nedtur for ein person som trur på dei gode sidene i menneska.
Ingen eliteklubb
Benjaminsen sjølv hugsar likevel ei hending for mange år sidan der han sprakk på ei teaterøving.
- Eg angrar enno på at eg sprakk den gongen. Ikkje for at den det gjekk utover ikkje fortjente kjeft,
men det skulle ikkje ha skjedd på den måten. Eg vonar at denne personen ikkje hugsar den hendinga like
godt som meg, seier teaterinstruktøren.
Han fortel at det er to ting som må til for å vera med i Lindås Ungdomslag. Det eine er at dei har nok
instruktørar til å ta hand om dei som er interesserte, og det andre er at deltakarane må vera villige
til å jobba med seg sjølv og andre. Audition i reinaste Idol-stil, der ein plukkar ut dei beste, kjem
ikkje på tale. Lindås Ungdomslag skal ikkje vera nokon eliteklubb, men ein miljøfaktor i bygda.
Ein ting Benjaminsen ikkje likar, er når folk skuldar på andre for ting som har går gale. Det er han
ikkje med på. Han seier elles at han ikkje vert sint lenger - berre skuffa.
Skal løfta kvarandre
Det er ein heilt uaktuell tanke i Lindås Ungdomslag å samla dei beste teatertalenta til ei teateroppsetjing.
- Ein viktig del av utviklinga er at dei beste får vera med på å løfta dei som ikkje har kome så langt.
På My Fair Lady var det med alle typar menneske. Trass i dette hadde også dei største talenta stor utvikling,
fortel teaterinstruktøren. Han har svært lite til overs for enkelte fotballtrenarar sin filosofi om at dei beste
talenta må samlast på eitt lag frå dei er 10-12 år gamle. Det gjev han nesten assosiasjonar til nazismen.
Han forklarar at dersom ein har 25 personar, plukkar ut dei tre beste og løftar desse nokre poeng på utviklingsskalaen,
får ein rett nok heva gruppa litt. Men ein får samla sett mykje betre resultat dersom ein klarar å heva alle 25 i gruppa.
Dette er rein matematikk, og både teater og livet elles handlar om samspel, meiner Benjaminsen. Han trur dessutan at
denne måten å jobba på kan føra til at dei flinkaste kan ha vel så stor utvikling som dei elles ville hatt.
- Dersom dei beste heile tida skal samlast i ei gruppe, utviklar dei seg til nokre egoistar, og dei går glipp
av det å få vera med å løfta andre, seier han.
Invitert av kyrkja
Ein av Benjaminsen sine største opplevingar var å få jobba saman med dei psykisk utviklingshemma, slik Lindås
Ungdomslag gjorde i fjor.
- Prinsippet er det same som med andre menneske, at dei øver seg til å meistra noko dei ikkje meistra tidlegare.
Men med psykisk utviklingshemma vert dette endå meir tydeleg, seier han.
Ei anna stor oppleving var då ungdomslaget vart invitert til å underhalda på eit kyrkjejubileum. Benjaminsen vaks
opp i ei tid der ungdomslaget eller kyrkja vert sett på som valet mellom Himmelen og Helvete. Invitasjonen frå
kyrkja var difor ei verkeleg stor oppleving for han.
Å meistre situasjonar
Benjaminsen er svært oppteken av menneske. Kvifor folk oppfører seg slik som dei gjer. Kva som føregår oppi hovudet deira.
- Å oppleva at menneske veks og meistrar ei oppgåve, det er det største. At teaterframsyninga vert ein suksess, er
berre ein bonus, seier teaterinstruktøren.
Under teaterframsyningane er det Benjaminsen som har ansvaret for lysa på scena. Han sit då på galleriet bak i salen.
På lyspulten har han merka to spakar spesielt godt. Det er fordi han i nesten kvar framsyning opplever at skodespelarar
meistrar noko dei har slite med, eller dei taklar situasjonen når noko skjer seg på scena. Ein av hovudrolleinnehavarane
gjorde til dømes ein grov feil i ein nøkkelreplikk på ei av framsyningane av My Fair Lady.
Vedkommande rodde seg inn på ein slik måte at publikum ikkje merka noko. Når noko slikt skjer, vert Benjaminsen rørt,
og brilleglasa hans doggar så mykje at miksepulten for lysa vert uklar. Det er då han må ty til dei ekstra godt merka "kriselysa".
Jon Halstein Tjore - Strilen, 25.februar 2006