• Hovudmeny
  • Heim
  • Nyhende
  • Framsyningar
  • Billettar
  • Galleri
  • Grupper
  • Portretter
  • Kurs
  • Om oss
  • Styr og stell
  • Oppslagstavle
  • Kontakt oss
  • Gjestebok
Sponsor

Dansekurset i gang

Dansekurs Onsdag 12.oktober var første samling for Hip-Hopp dansekurset i Haugatun.
Ein ivrig gjeng på 30 born og unge var klar til å entra dansegolvet under kyndig rettleiing av Rolf og Tina frå Rock’n Rolf danseskole.

Dansekurs

Ein heil time var det dunkande trommer og hard bass som var gjengangaren i samfunnshuset Haugatun.
Etter Hip Hopp kurset var det klart for Swing kurs for gruppe 3. For nokon var det andre time med dansekurs og pulsen var relativt høg for dei.
Tilskodarane kunne nøgd konstatera at steg på steg vart utført korrekt og stilfullt.
Etter kurset var aktørane særs overraska over alt dei hadde lært på bare ein time.


Dansekurs
Instruktør Beate Fjellanger gleder seg over at medlemmene i gruppa hennar viser stort dansetalent.
"Det lover bra for framsyninga me skal til med. Swing kunnskapen skal nok koma riktig godt med dei kommande månadane".

Dansekurs

Lindås Ungdomslag 2005, xhtml, css