Foto/videogruppe i Lindås Ungdomslag!
Lindås Ungdomslag har planar om å starta ei foto/videogruppe. Målet er at laget skal få litt fleire aktivitetar enn det som er i dag. Laget driv i all hovudsak med teater og dans. Me vonar at både unge og gamle kan finna glede og nytte av å væra med i ein foto/videogruppe.
Hovudmålet med ei slik gruppe er sjølvsagt å få danna eit miljø rundt dette med foto og video. Koma saman og læra det grunnleggjande med fotografering og filming, for deretter å læra av kvarandre sine gode og dårlige resultat. Kunne koma med nye idear til å gjere ting på, redigering av foto og film, osv.
Me har dei siste åra prøvd å gjera video-opptak av dei framsyningane som LUL har hatt. Dette vert ofte eit improvisert opplegg i siste liten, og me sit av og til med følelsen av at dette skulle/kunne vore gjort betre, men det er no betre enn ingenting. Å få til en betre kvalitet på slike opptak er ein viktig grunn til at me ynskjer ein slik aktivitet innan laget
Det ville være eit stort steg framover, dersom det var eigne folk som tok seg av dette med filming, etter-redigering, kopiering og distribusjon av DVD-ar. Det er ofte idear om å laga eit eller fleire videoinnslag i ein revy, men det vert alltid forkasta. Dette fordi det er dei same folka som står på sena, som må gjera filmjobben, og då vert det ikkje tid til begge delar. Dermed vert gode idear ikkje realisert. Med dei skodespelartalenta som er i laget, kunne ein heilt sikkert laga gode filmar dersom det var gode folk på andre sida av kamera og. Me ynskjer og at nokon kan fylgje tatergruppene frå leseprøve og fram til ferdig framsyning med å laga ein ”Slik vart framsyninga til”- reportasje i foto og video. Ei anna oppgåve kan væra å laga ”proffe” plakatar og flygeblad til framsyningar. Det har og vore idear om at ei slik gruppe tek over redigering av heimesida til LUL, og helt den oppdatert med reportasjar om ting som skjer i laget. Me ynskjer eit tett samarbeid mellom teatersida i laget og ei ny foto/videogruppe. Det trur me begge partar vil ha glede og nytte av.
LUL fekk overta ein redigeringspult for video frå Statoil når dei avvikla videoklubben sin. Me fekk og fleire videomonitorar, kablar og diverse, så vi har utstyr til å filma med 3 kamera samstundes. Me har og tilgang til eit fotoredigeringsprogram, og laget er villig til å kjøpa inn videoredigeringsprogram.
Me ynskjer å starta opp ganske snart, og håper at det er intresse for å være med i en slik gruppe. Me vil starte opp med å finne ut kva vi vil, kor ofte me skal møtast osv. "Me lagar vegen etterkvart som me går den".
Er dette noko for deg, så kontakt leiar i LUL, Elisabeth Kolås (975 66 813) ekolaas@broadpark.no eller Svein Gjelsvik (924 87 250) sngjelsv@broadpark.no (Foto/vidrogruppe i LUL).