• Hovudmeny
  • Heim
  • Nyhende
  • Framsyningar
  • Billettar
  • Galleri
  • Grupper
  • Portretter
  • Kurs
  • Om oss
  • Styr og stell
  • Oppslagstavle
  • Kontakt oss
  • Gjestebok
Sponsor

Vil gjerne verta heks

LINDÅS: Den første auditionen til årets store musikaloppleving er overstått. For Linn Therese Vabø vart det ei kjekk, men nervepirrande oppleving. - Eg har sunge heile livet. Men eg har ikkje fått så mykje songopplæring enno. Eg har berre gått i kulturskulen i vel eit halvt år, seier Vabø. Ho var ein av dei yngste deltakarane som var plukka ut til den første auditionen til Which Witch. 18 åringen har alltid vore glad i song og musikk. Difor sette ho stor pris på å få prøva seg.
Vabø er også aktiv i teatergruppa til Lindås ungdomslag. Ho er ikkje redd for å stå på scena for eit fullsett samfunnshus, men tanken på å stå framfor dommarar og syngja åleine er litt skremmande. I alt 11 håpefulle songtalent møtte opp på den lokale auditionen i Strilatun fredag. Stemninga på venterommet var smånervøs. Menn og kvinner i alle aldrar møtte fram for å prøva seg på roller i ensemblet.

Eineståande sjanse
- Eg trur aldri eg har vore så nervøs før. Dette er ein eineståande sjanse. Eg må berre prøva. Det er nok mange flinke songarar som vil prøva seg. Eg håpar sjølvsagt at eg får vera med, men eg vert ikkje å veldig skuffa om det ikkje skjer. Det er uansett kjekt å få prøva seg, seier Vabø i det ho set kursen mot scena.
Ti minutt seinare kjem ho tilbake - litt skjelven, men samstundes letta og glad. - Eg song to songar. Først song eg den sjølvvalde songen «Tir n à noir». Etterpå song eg Eternally. Det er ein obligatorisk song som er henta frå musikalen. Eg er litt forkjøla. Difor er eg er usikker på korleis det gjekk. Men det var no kjekt å prøva, seier ho.

Klar i februar
Regissør Leif-Egil Vatnøy og initiativtakar Linda Fosse var dommarar under auditionen. Dei to var godt nøgde med gjennomføringa. - Mesteparten av dei som har vore her i dag, kjem frå Nordhordland. Me har høyrt mykje bra. Nivået er ganske høgt, seier Vatnøy. Han fortel at dei har om lag tretti roller til ensembelet som skal fyllast. Arrangørane treng både dansarar og songarar. Ein del av songarane i koret vil også få mindre solistroller. - Me kan ikkje bestemma oss før me er ferdige med alle tre auditionane.
Dersom alt går etter planen, vil resten av rollelista vera klar i slutten av februar, seier han. Neste audition er i Bergen 2-4. februar. Deretter står hovudstaden for tur. Prøvane til musikalen startar 2. juli og held på til første august. Sjølve framsyningane skjer på Håkonshaugen frå 2. til 12. august.

Skriven av Anne Lise Nordpoll - Strilen
Lindås Ungdomslag 2005, xhtml, css