• Hovudmeny
  • Heim
  • Nyhende
  • Framsyningar
  • Billettar
  • Galleri
  • Grupper
  • Portretter
  • Kurs
  • Om oss
  • Styr og stell
  • Oppslagstavle
  • Kontakt oss
  • Gjestebok
Sponsor

Diggar Beatles på scena


DANS OG SONG FRÅ 60-TALET: «Med Beatles på plakaten» i Haugatun. No øver dei intenst for å få alt klart.


STOR INNLEVING: Med berre to øvingar att byrjar ungdomane i Lindås ungdomslag å få taket på rollene sine. Her ser du eit utdrag frå opningsscena på musikalen.
- Eg trur me har det meste under kontroll. Det vil seia, nervane er det ikkje så lett å halda styr på, seier Beate Fjellanger smånervøs. Saman med Frode Rydland er ho dama bak framsyninga søndag. Medan Frode har hatt ansvar for å øva inn musikken med Lindås skulekorps, har Beate teke seg av ungdomane som skal stå for skodespelarprestasjonane.

- Fram til no har me øvd kvar for oss. Først denne veka har me byrja med fellesøving. Sjølv om det er litt knapt med tid att, skal me få alt i boks til søndag. Eg trur absolutt publikum har noko å sjå fram til, seier Fjellanger med eit smil.

Travel dame

MUSIKANT OG SKODESPELAR: Marit Hellestveit (15) får det travelt under musikalen søndag. Ho skal nemleg både spela i korpset og stå på scena

Til saman skal rundt 30 ungdomar i sving på scena søndag. I løpet av vel ein times førestelling skal dei både spela, syngja og dansa til kjende Beatles-låtar. Den som truleg får det travlast av alle er Marit Hellestveit (15). Ho skal nemleg både spela trombone og stå på scena i eitt og same stykke.

- Det vert veldig hektisk.Men med litt meir øving satsar eg på det skal gå bra. Eg har trass alt vore med både i korpset og i ungdomslaget i mange år, seier Hellestveit sjølvsikker.

Publikumssuksess
- Ho fortel at dei no berre har to øvingar att før dei skal i aksjon på søndag. Det ho er mest nervøs for er korleis publikum kjem til å ta i mot stykket.
- Eg trur dei kjem til å lika det, men ein veit aldri sikkert før etterpå. Det viktigaste er at det kjem mykje folk og ser på oss, seier Hellestveit. Sjølv skal ho spela ei tøff ungjente som trur ho er veldig kul og berre interesserer seg for gutar.
- Det verste som kan skje for meg på søndag er at publikum trur eg er slik i røynda også, avsluttar femtenåringen Hellestveit og ler.


Av Hilde Gjelsvik, Strilen

Lindås Ungdomslag 2005, xhtml, css