Reisebrev frå gruppe 3
7.-10.juni var det tid for gruppe 3 sin sesong-avslutningstur. Torsdag kveld var det avreise frå Haugatun kl 21.00 til togstasjonen i Bergen der natt-toget skulle ta oss til Oslo kl.23.04.
Ein spent gjeng stappar velfylte koffertar inn i kupeen vår.
Etter veldig kort tid skjøna me at me skulle visst hatt sengar å sove i..... men med god hjelp av
NSB sin natt-tog-pakke fekk i alle fall nokre av oss litt søvn.
Halv sju fredags morgon var me vel framme i Oslo. Me hadde avtalt med pensjonatet at me skulle berre ringa på så skulle me få komme inn. Da gjekk ikkje heilt etter planen og me måtte venta ei stund før dei endelig slapp oss inn og gav oss mat.
Trøtte, ventande jenter, men med forbausande godt humør etter ei natt utan søvn.
Då me endeleg hadde fått satt frå oss "litt" bagasje og fått i oss frukost, var det ikkje anna å gjere enn å begi seg ut på Oslo-livet og ikkje minst i Oslo varmen. For det er ikkje til å legga skjul på at det var varmt.
Liten pust i bakken utanfor stortinget.
Reiseledarene Hanne og Tine.
Klokka 10 hadde me avtale om omvisning på "Oslo Nye". Her var det ein triveleg mann som viste oss alt frå scene til verkstad. Me fekk til og med gå innom ein garderobe.
På vei inn på teateret.
På scena, kulisser frå Spelemann på taket i bakgrunnen.
Litt større plass har dei på "Oslo Nye" enn det me har i Haugatun. Men kulissane er forbløffende like. Synes ein kunne dra kjensel på vogna til Tevje.
Parykk-rommet...
Alle var enige om at det var veldig spennande og få sjå baksida på eit stort teater. Mest imponerende
var dreie-scena og alle kulissene me fekk sjå.
På grunn av varmen avslutta me omvisninga litt tidleg og gjekk på ein liten sightseeing i Oslo.
Her er me på slottet.
Det vart eit vanskelig kvarter for gardemennene på vakt. Dei fekk nok forespørsler
dei ikkje vanligvis får.
Så var det tid for det ungdommane hadde gleda seg nesten aller mest til. 3 heile timar med shopping på eigenhand.
Og hadde me tunge koffertar då me kom, hadde me enda tyngre koffertar på veg heim igjen.
Om kvelden var det tid for teaterframsyning. Dei fleste hadde sett spelemann på taket i Haugatun og var ganske overbevist
om at "Oslo Nye" ikkje kunne vera særlig mykje bedre enn det. Men etterpå var dei alle enige om at "Oslo Nye" hadde laga ei ganske
bra framsyning dei og.
Alexander Rybak var dagens helt for dei yngste jentene, mens Dennis Storhøy fekk nok eindel beundrande blikk av dei
tre eldste "jentene".
Etter framsyninga var det ein sliten og trøtt gjeng som åt middag og så rett i seng utan tull.
Klokka 23.45 var det framleis 29 grader, så det vart ei varm og sveitt natt.
Pynta og klar til teater!
Laurdagen kom med solskinn og endå meir varme. Etter å ha fått navigert oss til buss-stasjonen kom me oss på ein velfylt
buss til Tusenfryd!
Her var det litt for ein kvar smak. Bading, karusellar og berg og dalbaner!
Til stor forbauselse for alle ungdommane viste det seg at instruktøren deira var ein skikkelig tøffing.
Kø, kø, kø.....(Anna Sesilie, Marie og Marta).
...og meira kø! (Marit og Frida).
Marta og Lena Mari i 0-90 km/t på 2 sekunder.
Etter ein lang dag satt me oss på den veldig intime, varme bussen på veg tilbake til by’n. Lørdag kveld var me på Peppe’s på Aker Brygge der jentene gleda heile restauranten med fin fin sang!
Meire sang vart det når me tok i mot båten med Dissimiliss-gjengen. Her møtte me gamle kjente frå Lindås og omegn. Kvelden blei avslutta med fontene-vandring, is og sushi.
Anna Sesilia og Lena Mari kjølar seg ned i ei fontene på Aker Brygge... sjølvsagt heilt uoppfordra.
Anna Sesilia får sin første smak på Sushi... Det falt vel ikkje heilt i smak.
Når me kom tilbake på pensjonatet måtte alle pakka. Det viste seg for nokon å bli vanskelig siden kofferten
allereie var full når dei kom, men med litt kreativ pakking gjekk det bra det og. Søndag morgon vart me vekka
kl.06.00, åt frukost og gjekk til toget.
Alt i alt hadde me ein grådig kjekk tur. Gruppe 3 takkar styret for tog-pengane og ønsker alle ein kjempeflott sommar!