• Hovudmeny
  • Heim
  • Nyhende
  • Framsyningar
  • Billettar
  • Galleri
  • Grupper
  • Portretter
  • Kurs
  • Om oss
  • Styr og stell
  • Oppslagstavle
  • Kontakt oss
  • Gjestebok
Sponsor

Spelar lovas lange arm på DNS


VENNLEG: Tor Halvor Halvorsen spelar den venlege politimannen Arthur Hjelmen i førestillinga "Rødt lys"
LINDÅS/BERGEN: Tor Halvor Halvorsen i Lindås Ungdomslag er travelt opptatt om dagane, med førestillingar på DNS. "Rødt lys" har fått svært gode kritikkar og Halvorsen sjølv seier han har det morosamt på jobben kvar dag.

- "Rødt lys" er jo ein musikal, så det vert mykje song og dans om dagen. Men det er ei kjempegøy forestilling å spela, seier Tor Halvor Halvorsen til nh.

Dei siste vekene har ensemblet i "rødt lys" spelt skuleførestillingar i vekene og opne førestillingar i helgane. I stykket spelar Halvorsen den velmeinande politibetjenten Arthur Hjelmen, som skal opna ei trafikkunst-utstilling. Men under oppdrget får han sterk motbør av Richard Råskinn, spela av Helge Jordal, som har alt anna enn gode intensjonar i høve å læra ungane trafikkreglar.
- Men det endar bra til slutt då, sier Halvorsen, -utan at det vert ein moralpreik av den grunn.

Ulike reaksjonar
Han synes det er kjekt og utfordrande å spela for barn, men merkar at publikum er mindre forutsigbare enn eit vakse publikum. Når han går på scenen, veit han aldri kva reaksjonar han får frå ungane.
- Ungane ler ikkje alltid på dei stadene ein trur, og nokre gongar ropar dei, medan andre gongar er dei veldig sjenerte. Men det er berre artig at det varierar, seier Halvorsen, som har hatt prøver sidan mars, og som spelar si siste forestilling på lørdag. Kva skjer vidare?
- Det skjer alltid ting med Lindås Ungdomslag, men elles skal eg ei veke til Tyssedal for å spela i stykket "Fossegrimen", så ferie vert det ikkje mykje av i år, seier skodespelaren frå Lindås.

Lene Westrheim - Nordhordland, 14.juni 2006

Lindås Ungdomslag 2005, xhtml, css