• Hovudmeny
  • Heim
  • Nyhende
  • Framsyningar
  • Billettar
  • Galleri
  • Grupper
  • Portretter
  • Kurs
  • Om oss
  • Styr og stell
  • Oppslagstavle
  • Kontakt oss
  • Gjestebok
Sponsor

Audmjuk entertainer


Mari Irem Müftüoglu hadde slett ikkje forventa at LUL ville få så mykje merksemd
i etterkant av 'My Fair Lady'

Eg er så stolt over innsatsen til Lindås Ungdomslag at eg grøssar på ryggen berre eg tenkjer på det, seier Mari Irem Müftüoglu.

Mari Irem Müftüoglu gjorde braksuksess som fattigjenta Eliza i Lindås Ungdomslag si oppsetting av "My Fair Lady". Men om det vert skodespelar av henne er høgst usikkert.
Det er vanskelig å spå kva ein endar opp med. Eg har sjølv fått erfara at det er så tilfeldig. Eg har berre gått i ungdomslaget for å ha det artig i lag med vener. Men brått endar ei opp med ei hovudrolle og får enormt med merksemd. Det var ikkje akkurat noko eg hadde planlagt, ler ho

Drøymer om å mekla
Skodespelardraumar hamnar lett i bakgrunnen når du er av den jordnære typen. Det skal meir enn eit framsideoppslag og strålande kritikkar frå vestlandets største avis til for å vippa Mari Irem av pinnen.
Eg er ikkje av den typen som heng meg på. Det er ikkje slik at eg får ei rolle i ein musikal og brått vil bli skodespelar. Dessutan er eg nøgd som det er. Eg trivst med å vera student, seier ho.

Mari Irem i rolla som Eliza

Men ser ho ein interessant audition hoppar ho gjerne på. Eg har funne ut at eg ikkje akkurat vegrar meg for å stå på scena, ler ho.

Likevel går karrieredraumane i ei heilt anna retning no, og ho har bestemt seg for at eitt kriterium skal vere avgjerande for kva ho vel: Ho vil helst jobba med menneske, og aller helst i i rolla som meklar. Draumen er ein jobb innanfor EU-systemet, og gjerne i Tyrkia, faren sitt heimland.

Europastudiene ved Universitetet i Bergen kan forhåpentlig leia fram mot den kunnskapen om samfunn og politikk Mari Irem er ute etter, sjølv om ho framleis ikkje er heilt sikker på kva faget fører fram til.
Vi går frå fransk film den eine dagen til tysk samfunn den neste. Eg ville ikkje ha tilsett meg sjølv for augneblinken om eg var arbeidsgjevar, ler ho

Likevel har ho vorte gripen av faget. Det å være politisk engasjert og tileigna seg samfunnskunnskap er utfordrande, og ikkje noko som kjem av seg sjølv, meiner ho. Gjennom Europastudiene vert denne interessa utvikla.

Magisk musikk
Uansett kva ho ender til slutt endar opp med, så veit ho at ho har foreldra si støtte. Dei har alltid lagt vegen open for henne, også når det gjeld å utforska sin bakgrunn som halvt norsk og halvt tyrkisk. Ho ser det som ein vinn-vinn-situasjon, og har aldri opplevd å føla seg dradd mellom to identitetar.
Når du får fritt spelerom til å velje, slik eg har gjort, så tar du det du vil ha frå begge kulturar og det kjennes berre positivt, seier ho.

'Grease' var nok ein suksess for LUL

Med ei mor som er pianolærar og ein far som har som kjennemerke å plystra og nynna ustanseleg, seier det seg sjølv at Mari Irem er oppfostra på musikk. Alt frå klassisk til afrikanske trommer har vore ein del av kvardagen heilt frå ho var lita jente. Ho har også eit lidenskapelig forhold til tyrkisk folkemusikk, og ho hugsar godt bestemora sine tyrkiske voggesongar. No har ho fått augo opp for den kurdiske musikken.
Det er magisk å høyre på. Eg knyttar gjerne noko anna til denne musikken enn ein nordmann ville gjort, seier ho.

Sjølv byrja ho med song i kulturskulen på Lindås då ho var seks år gamal. Men ho var ikkje av dei som i iveren etter å visa seg fram steller i stand show til foreldre og besteforeldre.

Eg har aldri vore ekshibisjonistisk med talenta mine. Fleire av mine næraste vener har aldri høyrd meg syngja, bortsett frå på scena. Det høyrest kanskje merkelig ut, for du gjev av deg sjølv på scena også. Men når det berre er eit par personar til stades, så krev det meir av deg, seier ho

Ho har også prøvd seg på piano og fiolin, og fiolin spelte ho på i heile sju år.
Men det blei likevel med ulyden. Det seier vel litt om kor mykje eg øvde, ler ho.

Suksessrikt lag
Men i Lindås Ungdomslag har det vore alt anna enn ulydar dei siste åra. Gjennom oppsettinga av blant anna "Spelemann på taket", "Grease" og til sist "My Fair Lady" har ungdomslaget fått ei stjerne som lyser langt utanfor kommunegrensene. Lindås Ungdomslag har no vorte nominert til "Ildsjelprisen" som skal delast ut av mellom anna Bergens Tidene.

Mari Irem starta si karriere i ungdomslaget då ho gjekk på ungdomsskulen.

Mari Irem i 'Spelemann på taket'

Ein kan ikkje skildra med ord kor mykje arbeid som ligg bak musikalane. Men det er slett ikkje sikkert at medlemmene veit sjølve kor mykje dei har jobba. Det ligg så naturleg for dei at dei ikkje tenker på det som arbeid og slit. Dei gjev så mykje av seg sjølve, og den frivillige innsatsen er eineståande. Det er sjeldan vare, seier ho.

Ho gjev lokale eldsjelar æra for at Lindås Ungdomslag er eit blomstrande lag, både med tanke på aktivitetsnivå og medlemstal.

Vi har nokre frontfigurar i laget som er viktige. Dei har alltid stått på scena, og dei har blitt sett opp til, utan at dei har vore klar over det sjølve. Deira tanke har berre vore å ha det artig, men dei har inspirert andre til å velja å stå på scena, seier ho.

Til Tyrkia
Men no er tida i ungdomslaget over for Mari Irem. Til hausten reiser ho til Tyrkia for å studere ved Universitetet i Istanbul. Ho reiser gjennom eit utvekslingsprogram, og skal i første omgang berre vere der eitt semester. Men ho drøymer om å flytta til Tyrkia, i alle fall for ein periode.
- Og skulle det visa seg å vera heilt uuthaldeleg, så kan eg alltids koma tilbake til kjende og trygge Lindås, seier ho.

Åse Johanne Roti Dahl, Avisa Nordhordland, 25.februar 2006

Lindås Ungdomslag 2005, xhtml, css