Høgt og lågt med Jordal i Haugatun
LINDÅS: Lindås Ungdomslag fekk besøk av ein inspirerande Helge Jordal då dei hadde første prøve til "My fair Lady".
- Kom igjen, tråkk i salaten!! Stemme til Helge Jordal rungar i Haugatun på Lindås onsdag kveld. Han er instruktør for den eldste gruppa i Lindås Ungdomslag for ein kveld. I januar er det nemlig tid for framsyning av musikalen "My Fair Lady", og Jordal er ein fin inspirasjon på første øving.
|
- Eg skal spela med han i barnestykket "Rødt lys" i Bergen. Å reisa rundt og instruera er jo ikkje noko han driv med til vanleg. Så no skal me gjera vårt for å få ut av han meste mogleg, seier Halvorsen. Den kreative gjengen i LUL har varma opp med stor innleving og venta ei stund på kveldens æresgjest.
Beskjeden
- Hei, eg heiter Helge. Eg har spelt i dette stykket før ein gong, for lenge sidan.
Eg hugsar ganske mykje, og kan kanskje hjelpa til med roller og slikt. Ja, og så har
eg jo ein del erfaring, seier Jordal.
|
Etter ein kort introduksjon til historia bak rollefigurane, er det tid for første gjennomspeling. Irem Muftuoglu i rolla som Eliza slenger ut herlege strilesetningar mot Tor Halvor Halvorsen sin pene bergensdialekt i rolla som Higgins. Det er Bjørn Olav Benjaminsen som har laga striletekstar til stykket.
Ivrig
Kveldens øving er den første av mange, og ikkje alle replikkane set spikra.
Jordal sufflerer heftig frå salen. Så oppdagar han at LUL har egen sufflør.
- Å ja du sufflerer ja, unnskyld.
Hovudrolleinnehavarane har alle øvd sidan i sommar og er kjend med karakterane sine. Det går ganske bra for å vera første gjennomspeling. Ein replikk dett ut igjen. Ein ivrig Jordal sufflerar igjen med kraftig stemme, før han tar det i seg. - Å ja, det er du som sufflerer, unnskyld. Første del av scena er spelt, og Jordal sprett opp frå stolen. Han befinn seg brått på scena, og arbeidet er i gong for fullt.
Høgt og lågt
|
- Ska de ikkje ha med dåke ein nepa heim? Seier Jordal på ekte strilevis. Ein sjonglør og eit par drikkeglade vert skrive inn i opningsscena. Energien til den engasjerte skodespelaren er til å ta og føla på. Ein statist har brått vorte sjonglør, og ein gateseljar er litt i tvil om kva hennar rolle er i scena.
- Skal me angripa sjongløren med poteter? - Poteter var kanskje litt dumt, seier Jordal, før han piskar i gong scena med dei nye justeringane. Inspirasjon og engasjement har gjort underverker, og ei livat og stemningsskapande opningsscene er på plass. Kvelden er ung, og standaren er satt. I januar brakar det laus med "My Fair Lady" i Haugatun. Starten gjev eit lovande utgangspunkt for ei flott framsyning.