• Hovudmeny
  • Heim
  • Nyhende
  • Framsyningar
  • Billettar
  • Galleri
  • Grupper
  • Portretter
  • Kurs
  • Om oss
  • Styr og stell
  • Oppslagstavle
  • Kontakt oss
  • Gjestebok
Sponsor

Ei eventyrleg plate

Søndag 01.mai var det plateslepp på Linda Fosse Hagen si nye plate "Eit Eventyr" i Haugatun. Sjølv meiner ho at det har vore som eit eventyr, å få setja melodi til Laastad Lygre sine tekstar.

Linda Fosse Hagen

Det er ei fantastisk oppleving å få stå her og gje Aslaug ny tonedrakt. Det er veldig mykje optimisme og livsgnist i tekstane hennar, sa Fosse Hagen før ho skulle framføra songane på si nye plate. Publikum hadde store forventningar til Fosse Hagen på førehand. Og det var absolutt ingen som gjekk skuffa heim etterpå. På rekkje og rad fekk dei høyra kjende dikt som ”Drykken” og ”Den einsame roaren”. I tillegg framføte ho ein tekst som aldri før har vore publisert tidlegare. Ikkje tilfeldig har dette også vorte tittelnamnet på den nye plata. - Mykje av grunnen til at eg har vald å kalla plata for "Eit Eventyr", er at eg føler at heile prosjektet har vore som eit eventyr for meg, fortel Fosse Hagen.

Konfirmasjonsgåve

Linda Fosse Hagen fortel at ho kom på ideen då ho fekk sjå ei diktsamling av Laastad Lygre. Ho fall med ein gong for dikta hennar, fordi stemninga i dikta passar perfekt med stemminga som ho sjølv likar i musikk. Dermed var tankane om ei plate sett til verks. No håpar ho at plata skal verta mykje spelt, sidan tekstane til Laastad Lygre er noko som ikkje bør koma i gløymeboka. - Eigentlig burde denne plata vore ei konfirmasjonsgåve til alle i Nordhordland og Hordaland. Desse tekstane er noko som alle burde kjenna til. Derfor har eg eit mål om at i løpet av to år, så skal alle kjenna til Laastad Lygre, seier Fosse Hagen. Ho legg til at ho har vald å kalla heile dette prosjektet for ”Aslaug Laastad Lygre – Alltid lika levande” , fordi tekstane til Laastad Lygre er like aktuell i dag som den dagen dei vart skriven, fortel Fosse Hagen.

Stolt niese

Aslaug Laastad Lygre si niese, Inger Johanne Lygre Øvstegård, var svært nøgd med det ferdige verket til Fosse Hagen. Då konserten var ferdig kom ho opp på scena og gav Fosse Hagen ein stor takk for arbeidet hennar. - Det er veldig flott. Linda har gjorte ein stor jobb for at folk framleis skal få høra tekstane til Tante. Med melodiane sine har ho treft stemninga i dikta, og det er viktig. Dei går rett og slett som hand i hanske, fortel Lygre Øvstegård. Ho var spesielt nøgd med at diktet "Eit Eventyr" endeleg skulle få bli publisert. Dette diktet gav ho sjølv til Linda Fosse Hagen, i håp om at folk skulle få høyra det. - Eg er spesielt kry over at "Eit Eventyr" endeleg har vorte publisert. Eg tykkjer at dette diktet er så nydeleg, legg Lygre Øvstegård til.

Espen Ness, Avisa Strilen

Sjå Linda si heimeside her

Lindås Ungdomslag 2005, xhtml, css