• Hovudmeny
  • Heim
  • Nyhende
  • Framsyningar
  • Billettar
  • Galleri
  • Grupper
  • Portretter
  • Kurs
  • Om oss
  • Styr og stell
  • Oppslagstavle
  • Kontakt oss
  • Gjestebok
Sponsor

- Herregud for en hæææærlig dag

Stian

Lindås: Det vert alltid liv når Lindås ungdomslag og Lindås læringssenter lagar show saman, og onsdagens hyllest til Åge Aleksandersen var ikkje noko unntak.

Ungdomshuset Haugatun var fullt lenge før showet "Godt og blanda, søtt,salt og Åge" byrja, og publikum fekk sjå eit show vel verd billetten. Lindås ungdomslag og seks staute kara frå Lindås læringssenter gav alt på scena, og trønderrockaren Åge ville utvilsamt vore stolt hadde han vore tilstades. Klassikarar som "Min dag", "Leva livet" og "Lys og varme" var sjølvsagt med i programmet. I tillegg hadde showet supplement av andre innslag som "Kaptein Sortebill" og "Grevling i taket".
Tor Halvor Halvorsen er ein av dei som er aktive i Lindås ungdomslag, både i kulissane og på scena. Han syntes førestillinga på onsdag gjekk strålande. -Det var skikkelig moro, og responsen har berre vore god. Det er faktisk fleire som har bede om ekstraforestillingar. Men det vert nok med denne eine, seier Halvorsen.

-Fryd å stå på scena
Førestillinga "Godt og blanda, søtt, salt og Åge" er det fjerde samarbeidsprosjektet mellom Lindås ungdomslag og Lindås læringssenter, tidlegare LOAS. Halvorsen omtalar samarbeidet som veldig godt og givande.
-Det er ei sann fryd å stå på scena saman med karane frå læringssenteret. Spelegleda dei utstrålar er heilt fantastisk og utruleg smittsom, seier Halvorsen som allereie no ser fram til nye samarbeid.
- Me har jobba saman fleire gongar tidlegare, og me har alltid eit tema me tar utgangspunkt i. Tidlegare tema har til dømes vore Melodi Grand Prix og ABBA, legg han til.

-Imponerande solistdebut
Høgdepunkta var mange i Haugatun, med det var likevel ein person som skilde seg ekstra ut blant alle dei dyktige aktørane, nemleg Stian Andrê Fløysand.

Førestillinga onsdag var Fløysand si første, og han tok publikum med storm. Trass i at han er blind og har sterkt nedsatt hørsel, framførte han songen "Eventyr" på ein måte som ikkje kan omtalast som noko anna enn imponerande, og Fløysand hausta også stor applaus for innsatsen sin på scena. Også Halvorsen let seg imponera av Fløysand
-Veldig kjekt å få Stian med på laget. Trass i at dette var første gongen han er med, gjorde han sine saker veldig bra, roser Halvorsen.

"My fair lady" neste
Det årlege showet saman med Lindås læringssenter er over for denne gong, men Lindås ungdomslag ligg ikkje på latsida særleg lenge. Allerede i januar er det nye sprell på gang frå gjengen på Lindås. Då skal nemleg ungdomslaget setja opp den kjente musikalen "My Fair Lady".

Endre Hopland
Avisa Nordhordland

Lindås Ungdomslag 2005, xhtml, css