• Hovudmeny
  • Heim
  • Nyhende
  • Framsyningar
  • Billettar
  • Galleri
  • Grupper
  • Portretter
  • Kurs
  • Om oss
  • Styr og stell
  • Oppslagstavle
  • Kontakt oss
  • Gjestebok
Sponsor

Overnattingstur for gruppe 3

Fredag 8. September var det klart for overnattingstur for gruppe 3. Klokka 19 stilte 17 jenter opp i klubbhuset på Lindås klare for ein kveld og ei natt med mykje latter, spel, song og ikkje minst snop-eting. Aktivitets nivået var høgt frå første stund, og dei byrja med ein runde "Fantasi". Mange store mimetalent!

Dei var så heldige at nokon av foreldra hadde laga pizza til oss. Og etter litt om og men (Instruktør Beate hadde ansvaret for varmingen så då tok det litt tid) vart dei mette og gode alle saman og klare for meir leik og moro. Det vart ei sein natt for både ungar og vaksne, men omsider sovna alle etter lesing av spøkelseshistoriar frå Tine.
Dagen etter var det frukost klokka 9. Litt tidlig for dei som var seinast i soveposen, men fortsatt var alle i godt humør. Dei gjekk i tog rundt idrettsbana og hadde 60-meter løp, der Haldis i sjøstøvlar stakk av med sigeren. Gratulerer til deg!

Så reiste alle heim til sitt, litt trøtte men fornøyde! Takk til Lindås Idrettslag for gratis lån av hus!


Malene, Kristine og Lena har konkurranse om kven som kan få mest snop i munnen på ein gong


Haldis, Marta, Frida, Ida Charlotte og Mai Silje spelar Twister


Midt i ein omgang Twister. Marie prøvar å mima tørrfisk.....


...mens Ida Charlotte, Frida, Haldis og Marit prøver å finne ut av kva det er ho vil fram til


Dagen etter gjekk dei i tog frå klubbhuset og til boss-kontaineren

Lindås Ungdomslag 2005, xhtml, css