Nh-prisen til Lindås Ungdomslag
Lindås Ungdomslag er tildelt Nordhordlandsprisen 2006. Ungdomslaget får prisen for sitt flotte arbeid for barn og unge. Mellom anna driv laget eit imponerande revy- og teaterarbeid med oppsetjinga av "My Fair Lady" som ein kjempesuksess.
- Veldig hyggeleg å få Nordhordlandsprisen. Det gir stor inspirasjon å bli sett pris på lokalt for det ungdomslaget driv med i lokalmiljøet, seier Bjørn Olav Benjaminsen, mangeårig instruktør i teatergruppa i Lindås UL.
Det er Avisa Nordhordland og Nordea Bank som står bak Nordhordlandsprisen, som er ein
sjekk på 10.000 kroner og eit kunstnerisk uttrykk, denne gongen eit maleri av
Knarvik-kunstnaren Håvard Giezendanner. Prisen vart utdelt under Nh sin ønskekonsert
for lesarane i storstova på Nordhordland folkehøgskule søndag kveld.
Sjølv om det har vore mykje fokus på teatergruppa sine oppsetjingar, understrekar
Benjaminsen at Nordhordlandsprisen er ei påskjøning til alt det omfattande og mangesidige
arbeidet som ungdomslaget driv med.
Ungdomslaget har hatt "Beatles på plakaten" og dei har hatt stor suksess med musikalar som "Grease", "Spelemann på taket" og no sist, "My Fair Lady". Laget fekk teaterprisen "Rampeløkten" av Bergen Teaterlag for oppsetjinga av musikalen "My Fair Lady", og var også nominert til Ildsjelprisen i Bergen, der dei fekk heiderleg omtale.
I fleire av sine prosjekt er ungdomslaget og flinke til å engasjera psykisk utviklingshemma.
Lindås UL driv eit omfattande arbeid som inkluderer både ung og eldre med langt meir enn teater.
Laget har både folkedans, gammaldans og linedans på programmet.
Seinast i sommar spelte ungdomslaget ei sentral rolle i avviklinga av barnedans-stemnet i Hordaland.
Av: Arthur Kleiveland, avisa Nordhordland