Nytt, gamalt og knakande festleg
Både materialet og skodespelarane var ei blanding av nytt og gamalt då Lindås Ungdomslag inviterte til revyen Om Att Att i Haugatun søndag. Eldstemann på scena var 78 år, men likevel uforskamma sprek.
Og desse hadde ikkje gløymt gamle kunster. Publikum sat som forsteina då 78 år gamle Erling Holmås framførte songen "Kvifor vera stor, når eg er lukkeleg som liten", med ei innleving ein 20-åring verdig. Superveteranen, som ikkje har stått på scena på mange år, fekk også applausen han fortente, og bukka høfleg for denne, slik dei ofte gjorde det før i tida.
Ulik humor
At humoren har utvikla seg sidan 70-talet er det liten tvil om, men det som slo an for ein del år tilbake, hadde absolutt noko på ei scene å gjera også no. Nummeret om kroppen vår stammar frå tidleg på 90-talet, men er minst like aktuelt i dag.
Dei to spreke damene som dansa og song om kroppane sine, fekk folk til å vri seg i latter i Haugatun, men damene var kanskje dei som hadde det aller mest moro. Sketsjen vart altså øvd inn tidleg på 90-talet, på same tid som TV 2 gjorde TV-reklamen til allmenn eigedom, og folk byrja å få prenta inn i hovudet korleis dei skulle sjå og ta seg ut. Slikt kan det fort verta moro av.
Sat på sketsj i to år
Ein annan sketsj som vekte oppsikt då den vart vist for første gong, var det såkalla Geilomøtet, der problematikken rundt kvinnelege prestar vart belyst. Bjørn Olav Benjaminsen, som har bala med revyane til Lindås Ungdomslag i ein liten mannsalder, fortel at ungdomslaget sat på sketsjen i to år før dei viste den.
- Dette er ein song framført av ein kvinneleg prest som ikkje skjønar kvifor det skal vera eit problem at ho skal få vera prest. Då vi laga nummeret var dette heilt i tida, og vi var litt engstelege for reaksjonane. Difor lét vi fleire prestar sjå sketsjen før vi viste han for publikum. Den gong fekk eg ein kommentar frå ein prest eg aldri vil gløyma. Han sa at han først kvapp litt, men så byrja han å høyra etter, og du verda så mykje han fann av seg sjølv i karakteren som song, seier Benjaminsen med eit smil.
- Veldig moro
Dei som hadde funne vegen til Haugatun søndag, gjekk heim med eit smil om munnen. Perler frå tre tiår var samla på ein stad, og dyktige skodespelarar presenterte stoffet på ein fabelaktig underhaldande måte. Alt frå den enklaste humoren med bananskal og kakekasting til nøye gjennomtenkte musikalske innslag av svært høg kvalitet, fekk publikum til å trimma lattermusklane i fleire timar til endes.
Benjaminsen fortel at helga har vore intens, men frykteleg morosam.




