• Hovudmeny
  • Heim
  • Nyhende
  • Framsyningar
  • Billettar
  • Galleri
  • Grupper
  • Portretter
  • Kurs
  • Om oss
  • Styr og stell
  • Oppslagstavle
  • Kontakt oss
  • Gjestebok
Sponsor

Øvingshelg

20.-22.april var det klart for den første skikkelige øvingshelga før 17.mai revyen for gruppe 4. Mange nummer er allereie på plass, men framleis gjenstår ein del tekstskriving, koreografi og ikkje minst innøving.


Kristian, Sindre og Anders tar seg ein pust i bakken med sjokolademelk og pizza

Helga har me brukt til å gå gjennom og gjere endringer på nummer og ikkje minst til å lage koreografi til eit forykende dansenummer. Det er ikkje til å legga skjul på at me allerede er litt lei av den musikken etter å ha hørt den ca.176 ganger denne helga, men det blir bra. Gled dykk!


Mat-pause er viktig syns Siv Marit og Mona Renathe


Ehhhh....


Musikken funderar på takt, tone, dur eller moll...

Kjekt for oss er det òg at heile 3 av dei "gamle" medlemmane som var med oss på "Om Att Att" framsyningane i januar syns det var så kjekt å være tilbake på scena, at dei no er med oss på 17.mai-revyen!


Jan Arild tenker...


Audhild øver og øver, mens Anita sufflerer

Etter helga kan me konstatera at me er i rute. I hvert fall etter vår eigen standard.

Reportar: Fjellanger

Lindås Ungdomslag 2005, xhtml, css