• Hovudmeny
  • Heim
  • Nyhende
  • Framsyningar
  • Billettar
  • Galleri
  • Grupper
  • Portretter
  • Kurs
  • Om oss
  • Styr og stell
  • Oppslagstavle
  • Kontakt oss
  • Gjestebok
Sponsor

- Men berre bli sitjande...

...for me er straks tilbake! Publikum lo godt då programvertane "katt" og "frosk" loste dei gjennom stykket "paddeprinsen" i Haugatun


Det var fullsett sal då Lindås Ungdomslag viste stykket "paddeprinsen" i Haugatun samfunnshus fredag kveld. Instruktør Charlotte Nordahl er nøgd med oppmøtet og innsatsen til dei som stod på scena.
- Eg er kjempestolt av dei, seier ho.

Prinsessekonkurranse


Det var få av publikum som ikkje lo då programvertane "katt" og "frosk" dukka opp på scena. Med eit smil om munnen og kjappe replikkar, introduserte dei det nye tv-programmet "paddeprinsen".
Konseptet gjekk ut på at åtte prinsesser skulle kjempa mot kvarandre i ulike konkurransar, og premien var sjølvsagt "prinsen". Men vegen mot finalen var lang og hard for dei åtte prinsessene. Blandt anna måtte dei syngja og vinka slik prinsesser skal. Etter kvar konkurranse fekk dei utdelt poeng, og det var ikkje forsiktige med kva dei sa og gjorde i pausane, kunne dei risikera å verta trekte for poeng.

Intrigar og kranglar
Etter kvart vart det heitt på scena i Haugatun. Med baksnakking, skitkasting og poengtrekk, tok det ikkje lang tid før prinsessene var nære ved å ryka i kvarandre. Då det var som heitast var det godt med litt pauseunderholdning. Med "grandiosasongen" durande på full guffe i bakgrunnen, kom dei to kule "grandisgutane" fram og rocka scena med kvar sin "laurdagspizza" i handa. Med innarbeide dansesteg tok dei over scena og skapte god stemning i salen.

Fekk prinsen


Til slutt var det "askepott" som stakk av med seiaren og "prinsen" i den store prinsessekonkurransen. "Prinsen" vart sjølvsagt servert på eit trillebrett av sølv. Medan det nyforelska paret trilla seg ut av scena, stod resten av prinsessene igjen, gale av misunning. Dei meinte alle at det var dei sjølve, og ikkje askepott som hadde fortent å vinna.
"Paddeprinsen" var ein sann parodi på typiske tv-program, og med ei god blanding av gamle eventyrfigurar og morosame sitat fra eventyrverden, tok ungdomslaget publikum med storm.

Kreative jenter
Bak "Paddeprinsen" står det fire stolte tiandeklassingar frå Lindås Ungdomsskule. Mai Silje Vabø, som spelte "prinsessen på erten", er ein av desse manusforfattarane.
- Det er Marie som kom på namnet "Paddeprinsen", fortel Mai Silje.
- Ho har alltid hatt lyst til å skriva eit stykke med dette namnet, og då me ikkje hadde instruktør sat eg, Marie Jørgenvik Kolås, Karoline Helle Dahl og Malene Fimland, i gang med å skriva stykket, seier Mai Silje. Dei fire ungdomane ville eigentleg laga ein revy.
- Det vart for vanskeleg, og fullt manus har me ikkje hatt lenger enn ei og ei halv veke, fortel Mai Silje.

Var utan instruktør
Gruppa til Mai Silje stod lenge utan instruktør, og då gruppa sa ifrå om at dei måtte slutta med gruppa dersom dei ikkje fekk ein, kom Charlotte Nordahl og redda dei.
- Framtida ser lys ut no, seier instruktør Charlotte. I dei neste vekene skal gruppa vise "Paddeprinsen" for barne- og ungdomsskulen, samt opptre med stykket på fylkesbarnestemne.

Benedicte Skare Andersen, Strilen, Tysdag 29. April
Lindås Ungdomslag 2005, xhtml, css