• Hovudmeny
  • Heim
  • Nyhende
  • Framsyningar
  • Billettar
  • Galleri
  • Grupper
  • Portretter
  • Kurs
  • Om oss
  • Styr og stell
  • Oppslagstavle
  • Kontakt oss
  • Gjestebok
Sponsor

"Rampeløkten 2005" til LUL


RAMPELØKTEN TIL LINDÅS: Dei er glade for å ha blitt lagt merke til utanfor distriktet, ungdommane frå Lindås Ungdomslag. Mona Renate Toppe, Tor Halvor Halvorsen og Preben Hodneland viser stolt fram prisen «Rampeløkten».

- Dette er første prisen me har vunne. Men me fekk jo 20.000 i samband med Ildsjel-nominasjonen og. Det vert nok Amanda neste, ler Preben Hodneland, amatørskodespelar i Lindås Ungdomslag.


BERGEN/LINDÅS: Prisen Rampeløkten 2005 vart tildelt Lindås Ungdomslag søndag.
Rampeløkten er ein pris Bergen Teaterforening har delt ut til lag som har utmerka seg med spennande teaterprosjekt og solid innsats i teaterlivet. Dei har delt ut prisen sidan 1983, og av andre som har mottatt prisen kan Ole Paus, Kvinner på randen og Ylvis-brøra nemnast. No var det Lindås Ungdomsslag sin tur. Dei fekk prisen for sin store innsats over mange år, og spesielt for den flotte oppsettinga av «My Fair Lady» i år.
- Me vil gjerne visa dei at dei er blitt lagt merke til, og at me har sett den flotte innsatsen dei har gjort, seier den nyvalde leiaren i Bergen Teaterforening Vidar Stusdal Fyllingsnes til Strilen.

For få billettar
Fyllingsnes kjem sjølv frå Eikanger, men har ikkje noko erfaring frå scena. Bergen Teaterforening har han vore med i sidan 2003, fordi han er så glad i å sjå teater. «My Fair Lady» på Lindås fekk han dessverre ikkje sett.
- Svært mange fekk den med seg, og eg er lei for at eg ikkje rakk det, seier Fyllingsnes. Det var fleire med han som ikkje fekk sett framsyninga. - Me trudde me hadde tatt i då me la opp til så mange framsyningar. Men då me skulle selja billettar i Lindås senter til to av framsyningane, var det utseld på ein halvtime. Det var heilt utruleg, seier Preben Hodneland, som hadde rolla som oberst Pickering i framsyninga.
Saman med Mr. Higgins, eller Tor Halvor Halvorsen, viste han eit utdrag frå stykket til begeistra teaterentusiastar på prisutdelinga.

Overraska


LADY-UTDRAG UTEN LADY: - Eliza er ikkje her i dag, så då tar me den scena der Eliza ikkje er med, seier Tor Halvor Halvorsen. Utdraget han og Preben Hodneland viste fekk latteren fram hjå tilhøyrarane.
Prisen kom som ei overrasking på gjengen i ungdomslaget. - Me ante ikkje at me var nominert ein gong. Me fekk berre beskjed om at me hadde vunne, seier Halvorsen. Mona Renate Toppe frå ungdomslaget var og med og tok imot prisen, og var veldig takksam for utmerkinga. Prisen var ein flott rampeløkt med inskripsjon, blomar og ei bok. Men aller mest er prisen heider og ære, fortel Fyllingsnes. No lurar ungdommen på kvar dei skal gjera av heidersteiknet.
- Me har jo ikkje noko lokale som er vårt, så kanskje me må henga den i garderoben på Haugatun, seier Halvorsen.

Av Linda E.Eide
Foto:Linda E.Eide
Strilen, 4.april 2006



PRESSEMELDING:

RAMPELØKTEN 2005
Rampeløkten 2005 tildeles Lindås Ungdomslag.
Lindås Ungdomslag ble etablert i 1884. Foreningen har et høyt aktivitetsnivå for barn og unge og foreningens aktiviteter spenner fra dans, revy og underholdning på lokale arrangement, til deltaking på Fylkestemna for barn, Barne- og ungdomsteaterfestivalen og Dissimmilisfestivalen.
Høsten 2005 ble det i gangsatt det største prosjektet som noen gang har vært i foreningens regi; Musikalen "My Fair Lady", som hadde premiere i januar i år. En påkostet produksjon som gikk for fulle saler og ble en stor suksess. Lindås Ungdomslag arrangerer også en rekke teaterfaglige kurs for sine medlemmer. Lindås Ungdomslag tildeles Rampeløkten for stor innsats gjennom mange, mange år og ikke minst for den flotte oppsetningen av "My Fair Lady".

Lindås Ungdomslag 2005, xhtml, css