• Hovudmeny
  • Heim
  • Nyhende
  • Framsyningar
  • Billettar
  • Galleri
  • Grupper
  • Portretter
  • Kurs
  • Om oss
  • Styr og stell
  • Oppslagstavle
  • Kontakt oss
  • Gjestebok
Sponsor

"FEMSTJERNERS LINDÅS - CABAREVY"

Årets Lindås revy var også cabaret og musikal. Og jubelen stod som vanleg i taket i Haugatun.

Øystein som Ove Jan Paulsen

Kvifor i svingande skal jentene reisa lange vegar for å sjå på Chippendales når dei kan sjå dansegutane i Lindås Ungdomslag? Og kva i all verda skal ein med Moulin Rouge når ein har dansejentene i den same revy-gruppa? For der den kvinnelege delen av revy-gjengen på Lindås har skåra høgt, er gutane i ferd med å ta att forspranget. Og takk og pris for at revyen på Lindås ikkje berre sparkar lokale heltar litt oppetter skinnleggen. Det skjedde kanskje litt i minste laget denne gongen. Avtroppande rektor Ove Jan Paulsen gremma seg rett nok litt framfor spegelen over "kor det vakre fjeset hadde vorte av"- så lysta på å trakka bort på jobben var ikkje direkte overveldane. Men for all del: We love you, fekk den lokale skulesjefen høyra som sluttstrofe då han faktisk var i salen under andre framsyning. Då kunne han også rørt ta imot blomster - direkte levert av aktørane på scena!

Nei, takk og pris at revygjengen leverer også det "gode" varemerket: Dansen, visene med alvor, ettertanke og innleving, framført av gode stemmer. Mangt og mykje vart sett lupa på av ein revytropp der stadig nye fjes viser evne til å trekkja fleire med seg. Her var haustfest med uhemma sjekking og inntak av det sterke, blakke og utpå kvelden billause rånarar, ei krigersk statsrådtøtte som Bondeviken hels ser vert verande der ho er, idol, duett for kattar, kuuule karar og fnisande cheer-jenter og nachspiel på Fanebust, for å nevna noko. Me får og oppleva kampen om den siste pølsa med bacon på "autoen", treffande tissetrengte av begge kjønn og herleg harselas med nyheitsopplesarar på begge målføre. Verken kyr eller oksar vart det nummeret som sat lengst att på netthinna frå første framsyning 17.mai. Og 27 nummer var kanskje i meste laget. Visst gjekk ein time og tre kvarter som ein røyk, men ein publikummar i det kritiske hjørnet ville gjerne ha kutta bort fire-fem innslag. Men neppe meir, for mange av fråsparka på scena sit att på netthinna.

Åpningssangen "Hurra for 17.Mai

Det revyen måtte mangla av satiriske blinkskot frå nærmiljøet, tek aktørane att på svært mange måtar: Sikker framføring som vitnar om at det ikkje er slurva det grann når det gjeld øving, slik at sufflør Anita Knarvik får ein roleg dag på jobb. Mimikken er treffande, mange av stemmene er gode og koreografien på danseinnslaga imponerande nær ti på skalaen. Og ikkje minst glimtet i augo og spelegleda - også hjå dei meir ferske i gruppa. "Fantastisk fine tekstar" høyrde me bak oss på andre rad etter ei av visene. På Lindås er det litt lett og gløyma ei side av revyane som det er mange år sidan har svikta - om nokon gong. Det tekinske som som lys og lyd sat nok ein gong perfekt. Og dei fem i instrumentkroken får like god attest som dei på scena - så nær toppkarakteren som det går an å koma.

Hans E. Storheim

Avisa Strilen

Lindås Ungdomslag 2005, xhtml, css