• Hovudmeny
  • Heim
  • Nyhende
  • Framsyningar
  • Billettar
  • Galleri
  • Grupper
  • Portretter
  • Kurs
  • Om oss
  • Styr og stell
  • Oppslagstavle
  • Kontakt oss
  • Gjestebok
Sponsor

Velkommen til ein ny sesong i Lindås Ungdomslag

LUL er eit borne/ungdomslag der alle kan vera med utan nokon form for "audition". Det er eit veldig populært lag med ventelistar til enkelte grupper.
Det er driven på frivillig basis med foreldre som instruktørar, og i nokon tilfelle vert det leid inn profesjonelle instruktørar.
I forbindelse med arrangement som juletrefester, revyar og andre førestillingar, er laget avhengig av at foreldre/føresette stiller opp og hjelper til med oppgåver, som å sy kostymer, lage kulisser, billettsal etc.
Det vil då verta sendt ut dugnadslister, og me håpar og ber om at foreldre er positiv og hjelper til.

Me er vorte førespurt om å arrangere barnestemne våren 2006 (10.-12.juni) - noko me har svara ja til, då me følte at denne gongen var det vår tur.
Dette er eit veldig stort arrangement, så då vil det verta dugnad på alle foreldra. Det er oppretta ein komité som vil sende ut dugnadsliste i god tid før stemne.


Lindås Ungdomslag er eit lag der både instruktørar og aktørar skal ha det kjekt - men av og til kan det verta litt unødig tungt for instruktørane - fordi aktørane, spesielt på de minste gruppene ikkje høyrer etter og følgjer med når det vert gitt instruksar.
Kanskje kunne me foreldre tatt ein prat med våre eigne born om dette. Det vil også kunne lette styret sitt arbeid. For ein av dei største utfordringane styret har er å få tak i instruktørar til gruppene.

Det er instruktørane som bestemmer antall aktørar i gruppa. Når det gjeld gruppe 1 er det satt eit tak på 30 aktørar.
I forbindelse med arrangement er det viktig at aktørane møter på alle øvingar (det kan også verte aktuelt å øva enkelte helger)
Om ein aktør er vekke frå øving fleire gonger utan grunn - kan han/hun risikere å ikkje få være med på førestillinga, og at andre overtar rolla. Dette er p.g.a. at det er vanskeleg å øva til ein førestilling når det stadig er nokon vekke.

Håpar me igjen får ein kjekk sesong i LUL!!!

Helsing
styret i Lindås Ungdomslag, 25. august 2005

Lindås Ungdomslag 2005, xhtml, css