KURSA ER NO FULLE
(Fire LUL-medlemmar meldte si interesse)Kurs av regissør Yngve Sundvor
Korleis arbeidar ein profesjonell regissør?
|
Regissør Yngve Sundvor har sin regiutdannelse frå Det statlige
russiske institutt for scenekunst i Moskva, og er ein av landets mest spennande regissører.
Yngve Sundvor mottok Hedda-prisen for framsyninga "Skjønnhetsdronningen" på Trøndelag Teater
og kritikerprisen for "Sult" på Nationaltheatret.
I Bergen er han kjend for framsyningane "Kong Lear", "Et dukkehjem" og "Putemannen", alle vist på Den Nationale Scene.
No er han klar for å halda regikurs.
Pris: GRATIS for LUL-medlemmar - Kr.1800,- for øvrige.
Stad: Vestlandske Teatersenter sine lokalar.
Bredalsmarken 15, Industrihuset på Møhlenpris.
Høyres dette interessant ut, ta kontakt med Vestlandske Teatersenter på tlf.55904730
Det er veldig trangt om plassane på dette kurset, så her er det bare til å vera snar.
Påmeldingsfrist: 11.november
Helge Jordal heldt også kurs
|
Ingen som såg Helge Jordal i "Spelemann på taket" eller har høyrt han lesa "Terje Vigen" gløymer det.
Korleis han vart kjend med "Tevje", korleis vart rollefiguren levande? Korleis møter ein "Terje Vigen" for å evna å formidla dette vidare til publikum?
Helge Jordal er klar til å formidla noko av dette vidare i kurset som tar for seg det "folkelige" teateret sin formidlingsform, forteljarteknikk, korleis bygga opp ein karakter, kommunikasjon med publikum osv.
NB! Alle må ha med seg ein tekst. Eit dikt, monolog, sang, eventyr eller lignande.
Tid: Laurdag og søndag 26.-27.november - Kl.11-17 begge dagar.
Pris: GRATIS for LUL-medlemmar - Kr.1800,- for øvrige
Stad: Vestlandske Teatersenter sine lokalar.
Bredalsmarken 15, Industrihuset på Møhlenpris
Høyres dette interessant ut, ta kontakt med Vestlandske Teatersenter på tlf.55904730
Påmeldingsfrist: 11.november