• Hovudmeny
  • Heim
  • Nyhende
  • Framsyningar
  • Billettar
  • Galleri
  • Grupper
  • Portretter
  • Kurs
  • Om oss
  • Styr og stell
  • Oppslagstavle
  • Kontakt oss
  • Gjestebok
Sponsor

Velkommen til vår heimeside

Lindås Ungdomslag er eit lag som driv med meiningsfullt og målretta arbeid, med det formål å styrke kontakten og samhaldet mellom barn, ungdom og vaksne.
Lindås Ungdomslag ønskjer å bidra til å utvikle eit levande og godt lokalmiljø gjennom ulike aktivitetar og arrangement.

På heimesida vår vil me prøva å holda deg oppdatert på kva som skjer i laget vårt. Her vil du kunna finna informasjon om forestillingar, kva som skjer i dei forskjellige gruppene, informasjon om kurs ein kan melda seg på o.s.b. Du kan og finna litt om historia til laget.

Litt om Lindås Ungdomslag

Lindås Ungdomslag vart skipa i 1884 og er med det eldste laget på Lindås, og medeigar i Samfunnshuset Haugatun som er vår faste tilhaldsstad.

Ungdomslaget hadde allerede før 1890-åra fått godt fotfeste i bygda. Den tidlegaste styreprotokollen som er funne er frå 1893.
Dei som då sat i styret var lærar Øvretveit som var formann. Nestformann var presten og komponisten Jakob Sletten. Baste Fanebust, Ivar Kårdal og Gudmund Skodvin var også med. Lindås Ungdomslag var i den første tida eit lag for heile kyrkjesokna. Men i 1903 vart ungdomslaget Nybråt skipa på Konglevoll, då vart ein del medlemmer "overflytta" dit.

I styreprotokollen frå 1896 står det ein setning som fortel mykje: "Lagets grunnreglar skal skrivast på landsmål." Ellers var også dei leiande i Ungdomslaget opptekne av opplysningsarbeid. Til festar og tilstellingar av ymse slag kunne det vera fem seks talarar, og på lagsmøta var det foredrag av opplysande karakter. I ein plan over verksemda i laget i 1894 finn vi mellom anna at foredragsemna kunne vera: Amerikas fridomskamp, kyrkjesoge reformasjonen, Noregssoge o.s.b.

På møte skulle det vera opplesing, helst av religiøs karakter, deklamasjon og song, utanom det faste foredraget. Formann i 1935-36 Kolbjørn Fjellanger uttalte at "laget har god oppslutnad, og bladet "Ungdom" fengar dei fleste." I bladet "Ungdom" skreiv ungdomar (i alle aldre) om ting dei var opptekne av. Som ungdomsproblem i krigstida, haldningar til alkohol og liknande, som alltid har oppteke ungdom.

I 1984 feira Lindås Ungdomslag 100-års jubileum og i den forbindelse vart formannen Jan Arild Lindaas intervjua av avisa Nordhordland. Då hadde laget fått konkurranse med mange andre aktivitetar i bygda. "Nett no er det ikkje den store aktiviteten i laget. Vi kan ikkje stikka under ein stol at idretten er vorten ein hard konkurrent til ungdomslagsarbeidet, fortel Jan Arild"

I år 2008 er laget heile 124 år.

Bilete frå 17. mai 1938, av gamle travarar i LUL

17. mai 1938. Frå venstre: Oddleiv Fjellanger, Kolbjørn Fjellanger, Asgeir Fjellanger, formann i Hordaland Ungdomslag Bernt Hole og Tom Lygre. (Foto tatt ved gamle sanitetshuset)

Lindås Ungdomslag 2005, xhtml, css