ANDERS, MED MJØLK PÅ TUNGA
På ein liten idyllisk gard, sånn ca.7 minutters køyretid (i ein god bil) frå Lindås, bur han Anders. Her dyrkar han sine lidenskapar, som puppekniping, korpsmusikk og skikkelig, skikkelig tung og hard stein (nei sorry, rock).
Namn og alder? Anders Hellestveit, 16 år
Sivilstatus? Singel og på leiting. Bur aleine i ei sjarmerande skykkja med innlagt vatn.
Yrke? Mjølking (puppekniping, som me har valt å døype det) av kyr innimellom, elles ikkje noko. Eg går på allmenn i Knarvik. Byrjar andreåret den 17. august.
Livsmotto? Du skal ikkje få ein bonde te å tru at ræven verp egg (ordtak frå Sunnfjord).
Favorittrett? Raspeballar. Eller kanskje brownies. Det kjem litt an på forskjellige ting. Dersom me har raspeballar til middag, et eg det. Dersom me ikkje har det, lager eg brownies til kvelds, så lenge me har det.
Favorittdrikk? Definitivt kald mjølk. Da e godt med mjølk.
Anders er ein av dei ferske tilskota i gruppe 4 i Lindås Ungdomslag,
men ikkje tru at han er ein fersking i ungdomslaget elles!! - Korti byrja
du i LUL?
Anders klør seg i hovudet, og ser ikkje ned i golvet når me stillar dette
spørsmålet.
- Så snart eg fekk lov debuterte eg som medlem i barnelaget då eg byrja
i andre klasse, og sidan berre balla det på seg. Det vart mange lange
år med gammaldans, før eg endelig fekk vera med i den eldste gruppa. No
har eg nådd fram til det endelege målet, og eg er evig takknemlig for
den kompromisslause gammaldansoppdraginga som har gjort meg til den eg
er i dag.
Me skjønar fort at det er med ein tungvektar me har med å gjera. Me
vel å stilla tilleggsspørsmålet: - Kvifor byrja du i LUL?
- Etter å ha sett den fantastiske underhaldninga på juletrefesten i 1995,
var det ikkje tvil. Dette var det eg skulle via livet mitt til. Eg synes
å minnast noko om ein tiger, og kanskje ein trehjulssykkel.
Anders lar handa gli gjennom dei vakre lange lokkane, som alle jentene
i ungdomslaget misunnar han. - Når skjønte du at du hadde ein skodepelarspire
i magen?
- Det har vel vore ein gradvis tilvenning ifrå mamma. Ho tvinga meg til
å kle meg ut som Josef då eg var liten, då førsteklasse satt opp juleevangeliet.
Etterkvart har eg berre måtta venna meg til det. Og no når det er blitt
ein vane, er det ikkje så lett å gi seg.
Me skjønar at dette har kome inn med morsmjølka. Om ikkje Anders var den
skodespelarspira mamma Helga hadde i magen, så veit me ikkje kor han har
fått detta talentet sitt ifrå!
Anders nemnte tidlegare i portrettet at han er særs glad i mjølk. -
Men kva anna enn mjølk likar du?
- Eg er fan av korps og tungmetall, for det meste (spør ikkje oss reportarar
kva samanheng dei to musikksjangrane har). Eg speler gitar og euphonium,
og skal byrja å spela tuba. Eg tykkjer nesten eg må kunna unna meg ein
liten smule sosialt liv utanfor ungdomslaget, så eg bruker gjerne nokre
få timar på vener og slikt i veka. Sjølv om mesteparten av tida sjølvsagt
går med på å lesa i manus og tolka rolla mi.
Anders hoppar og sprett rundt med mjølkespannet på gardsplassen, og
me tenkjer at den som kaprar denne odelsguten her, har ei ljos framtid
i møte. Og apropos kjærleik, har Anders god erfaring med det motsette
kjønn.
- Me veit at du er ein sjarmør for oss eldre jenter, men har du mottatt
ditt første kyss Anders?
Han smiler litt sjenert og me kan sjå ein lettare raudfarge brer seg over
dei sunne og heilnorske kjakane. - Mitt aller første kyss går vel ikkje
an å hugsa. Eg har nok ikkje lika god hukommelse som Håvard (les juli-portrettet),
men mitt første ordentlige romantiske kyss, og dette er ganske avslørande
og personlig, kom ganske seint i livet. I den fantastiske skykkjo mi ein
vakker desemberkveld i 2004. Dette var det ingen som hadde trudd om damemagneten
anders, tenker eg.
Me nikkar samtykkjande, sjølv om me eigentlig hadde trudd det.
Anders har sete fram det nykinna smøret på bordet, og no står han med
hovudet inne i kjøkkenskapet på jakt etter lefsene han baka i går. Me
må nesten be han roa seg ned der han spring rundt i bunaden sin.
I all oppstyret klarar me å smetta inn eit spørsmål for å vri intervjuet
inn på eit nytt spor. - Kva forhold har du til huset Haugatun?
- For meg vil Haugatun alltid vere som ein gamal bestefar, som alltid
er der og tek vare på meg, som gir meg ein heim når eg er heimlaus, og
som vernar meg frå det tunge automiljøet, berre nokre hundre meter borti
vegen. Eg kan føla at Haugatun kommuniserer med sjela mi gjennom veggane,
golvet, taket, og ikkje minst gjennom den svake eimen av mugg som aldri
forlet bygget.
Dette er odelsguten Anders som pratar.
- Kor mange timer har du tilbrakt i Haugatun (ca)?
- Det blir nok ganske mange til saman. Det kjennes ut som eg har vert
minst like mange timar der som eg har vore i mitt eige hus.
Sidan me har vore innom temaet kjærleik og jenter, så spør me om Anders
ville hatt bryllaupsfesten sin i Haugatun. Og det er ikkje eit fnugg av
tvil i hans svar:
- Hadde eg vore gamal nok, hadde eg gifta meg så ofte som mulig, berre
for å kunna feira det i mitt kjære Haugatun.
Han er så sikker i sitt svar at han overbeviser begge dei to erfarne reporterane
om, at hadde han verkeleg vore gamal nok, så ville dei begge to ha gifta
seg med han.
- Tilslutt vil me berre stilla deg eit spørsmål til; kva balsam nyttar
du?
Anders blir med eit litt alvorleg og svarar: - Nokon spørsmål er LITT
for private.
Plutselig er klokka mjølketid, og vår dyrebare tid med Anders er diverre
over.
Me vinkar til han i det me ser den muskuløse ryggen går i frå oss, og
me sukkar begge to hengjevent til kvarandre: - Aaaaah...

