• Hovudmeny
  • Heim
  • Nyhende
  • Framsyningar
  • Billettar
  • Galleri
  • Grupper
  • Portretter
  • Kurs
  • Om oss
  • Styr og stell
  • Oppslagstavle
  • Kontakt oss
  • Gjestebok
Sponsor

ANITA-PORTRETTET

"Når mimikken seier alle ord!"

Anita


Snøen dundra på taket då eg (redaktør Halsøy) brått vakna av ein lyd. Mobilen!! - Ja hallo, svara eg. I andre enden høyrde eg pusting og pesing, og eg kjende håret reisa seg på ryggen. Men eg kunne pusta letta ut i det eg høyrde redaktør Toppe si stemme på den andre sida.
- Eg kan dessverre ikkje komma på jobb i dag. Det ser ut som at snøværet har satt ein stoppar for meg. Det er minst ein meter snø her oppe i Skrenten, og eg kjem meg ikkje ut. Redaktør Halsøy nikka samtykkande. Det er jo eit kjent faktum at det snør mykje i Kolås.
- Du lyt nok dra ut på oppdrag uten meg i dag, laud beskjeden frå Toppe.


Heldigvis hadde redaktør Toppe levert inn firmabilen til dekkskifte sist veke, så eg var godt skodd for det hardbarka vinterføret. Og det trongs denne dagen. I dag hadde eg nemleg ei avtale med Lindås Ungdomslag sin sufflør, betre kjend som
Anita Irene Leirvåg Knarvik.


Eg tok ein handbrekksladd i det eg svinga meg inn til Risa, og kunne bekrefte at det var billige, men gode dekk me hadde anskaffa oss.
Eg kjøyrde vidare, og brått kom eg til eit hus der det stod ei smilande og blid dame med mannen sin i døra og vinka. Eg vinka tilbake, og eg skjøna at eg var komen til rett plass.
- Så kjekt at du kunne koma. Eg heldt på å lage min og Jan Arild sin favorittrett i dag, raspeballar, ropar Anita før eg fekk tid til å komme meg ut av bilen.
Eg bana meg veg gjennom veggen av snø, og brått står eg inne i ei koselige stove på "Playa del Risa", som Anita fortel ho plar kalla det.
- Eg undra på kortid det var min tur å bli portrettert, nesten syng Anita frå kjøkkenet. - Du skjønar, eg har grubla lenge på spørsmålet om kva eg ville ha tatt med meg på ei Robinson-øy, og endeleg har eg funne svaret.
Eg klør meg i hovudet med blyanten. Eg har ikkje hjarte til å fortelje ho at dèt spørsmålet har me eigentleg kutta ut. - Lat oss få høyra?
- Det må verta tannkost. Eg kan ikkje fordra pels på tenna!! Det anar meg at ho har snappa opp eit tips og anna tips framom scenekanten.

Brått ringer bedriftstelefonen min, og eg ser at det er reportar Toppe som er på tråden. Eg set på høgtalaren slik at Anita også kan ta del i samtalen.
- Kva er det beste ferieminnet ditt Anita, spør reportar Toppe.
- Hmmm.. Kjem ikkje på noko i farten. Anita sit i djupe tankar ei stund, og me ser at det er noko som er på gang. Plutseleg bryt ho ut i latter. - Jo forresten, fyrste gong eg var på ferie med Preben og Anette. Dei var vel ikkje meir enn 3-4 år den gongen. Me budde i leiligheiter og sat ein liten gjeng inne hjå foreldra til Preben. Anette og Preben sat oppå kjøkkenbordet då nokon sat frå seg glaset sitt med ein liten skvett dansk kirsebærvin. Preben var rask som lynet, tok glasset og drakk resten av vinen. Me venta alle på hylet som me rekna med ville koma når han kjende at det ikkje var saft. Men den gong ei. Det kom eit fornøyd "..ahhhhhhh", mens han såg litt forundra på glaset. Eg hugsa me flira godt. Han va so herlig, og da e han jo endå. Anita vert sitjande ei stund med stjerner i blikket og roser i kinna.


- Har du andre fritidsinteressar utanom LUL, skyt redaktør Toppe inn? - Nei ikkje så mange, svarar Anita, før ho trekk pusten langt ned i magen og fortsett med å svara.
- Går på svømming kvar mandag og er med på Fritex anna kvar fredag. Elles har eg meir enn nok med å kjøyra til og frå, jobba dugnad og følgje opp ungane sine fritidsinteressar som er håndball, svømming, Fritex og Bianco.
Eg synes det er viktig at me som foreldre stiller opp og hjelper dei som brukar fritida si for at ungane våre skal ha muligheita til å gå på desse fritidsaktivitetane. Stor honør til desse folka. Og som oftast er det veldig kjekt. Sosialt er det òg. Då er nok veka mi full.
Eg tippar nesten baklengs i den mjuke sofaen, over at så mykje kan seiast på eit utpust.

Eg skjøner at eg må byrje å ro meg inn på temaet Lindås Ungdomslag, og stiller eit spørsmål der eg veit svaret er kort og konsist. - Når starta di karriere i LUL? - I 2003, svara ho nokså presist.
Reportar Toppe kjem raskt med eit oppfølgingsspørsmål. - Kvifor byrja du i LUL?
- Therese ville at det skulle vera to som sufflerte på "Spelemannen på taket" og foreslo meg. Tor Halvor visste at eg hadde lyst til å vere med, så då eg traff han på butikken ein dag, spurde han meg. Og eg vart kjempeglad for å få muligheita.
Eg kan høyre at reportar Toppe nikkar bekreftande på den andre sida, og me skjøner at nok ein gong har våre telepatisk evner slått til, i det me seier i kor: - Det er me og!!

Kva vil du sei har vore ditt høgdepunkt med LUL?
- Eg har heldigvis aldri vore på scena, men beundra dåke som tør da. Men høgdepunktet mitt rett nedanfor scenekanten, var nok då de var ferdige med Spelemannen, eg kunne leggja sammen manuset, pusta letta ut og veta at eg hadde klart min første sufflør-jobb uten å gjera nokon "brølarar".



Me sit stille ei stund alle tre, og tenker tilbake på tida med "Spelemann på taket". Og kva spørsmål kan vel vere meir passande no, enn å stille nett det spørsmålet reportar Toppe har i tankane. - Kva er ditt beste minne frå tida i LUL?
Eg har ikkje lang fartstid i LUL, men det er allereie mange fine, morsame og rørande minner frå både øving og forestilling. Å sufflera med klump i halsen er ikkje så enkelt, og det fekk eg når me spela i lag med LOAS i november. På slutten den kvelden når alle stod i lag, og Malena og Mona sto hånd i hånd med Stian på "Hold fast", og "Lys og varme", er vel det minne som har rørt meg mest i mi tid i LUL.

Brått ringer kjøkkenuret til Anita, og ho sprett opp. - Raspeballane er ferdige, ropar ho!! Og i samme sekund kjem det veltande inn to døtre og ein svolten ektemann. Dei smilar og ler, nett slik ein familie frå den beste Lano-reklamen, og eg skjønar det er på tide at eg trekk meg sakte ut. - Men ikkje utan ein raspeball, insisterer Anita, og trekk meg inn i husvarmen att. Eg kan jo ikkje nekte. Ikkje når eg veit at Anita er ein slik fantastisk god kokk.

Og har me ikkje ete opp raspeballane enno, ja så sitt me der vel endå!

Anita Anita i bilete

Journalistar: Halsøy (& Toppe)
Lindås Ungdomslag 2005, xhtml, css