BEATE-PORTRETTET
"Frå redd liten hare, til frekk og freidig Pink Lady!"
Etter ein langtur med eige cruiceskip til Karibien (med ein liten svipptur innom Hawaii), hadde me endeleg mobilisert krefter til neste oppdrag.
Postkassen stod med kjeften open i det me svinga inn på parkeringsplassen framom kontorbygget vårt. - Åh, så e det på an igjen med alle desse fanbreva, sukka redaktør Toppe. No skal det ikkje seiast at me er missnøgde med brev i frå ihuga fans, men på cruiceskipet hadde me eigen postopplesar, og då var tinga mykje lettare.
I 4 månader med sola som vår ven hadde me fundert på dette spørsmålet: kven skal få æra av å vera det neste portrettet? Og ein dag då me sat der med parasolldrinken i neven, kom da te oss som lyn frå klar himmel (og du kan tru himmelen var blå og klar den dagen). Det måtte verta ein ringrev denne gongen. Og kven er vel ikkje ringare enn Beate Fjellanger?
Me hadde høyrd at etter eit eksotisk USA-opphald, hadde Beate fått interessa for den forlokkande kaffibønna. Difor avtalte me eit møte på Lindås sin eigen teaterkafe, der alle dei kjende ringrevane innanfor faget vankar. Presis på slaget klokka tre minutt over halv fire ein laurdagsettermiddag, skrensa me inn på Lindås senter, midt i rushtida. Det var fullt på parkeringsplassen, men me parkerte på handikapplassen ettersom reporter Halsøy hadde knekt ei tå under symjebassenggymnastikken førre onsdag.
På kafeen satt allereie vårt intervjuobjekt og smila mot oss. Me gjorde oss varme i trøya, med dei vanlege spørsmåla våre:
Namn og alder? Beate Fjellanger - 23 år.
Bustad? Uptown Fjellanger.
Familie? Pappa John og bror Kristian blant anna.
Sivilstatus? Einslig, men ikkje einsam.
Utdanning? Oi, litt diverse. Allmennfag, eit halvt år på BI, grunnkurs i engelsk,
3 år på Høgskulen i Bergen, eit halvt år på college i USA.
Yrke? Vernepleier.
Me bestilte oss kaffi og napoleonskake, og fnisa og lo som gamle kjente.
Det var lett å sjå at Beate synes det var stas å verta intervjua.
- Det var kjekt de tok kontakt med meg, nesten ler ho over kaffikoppen.
- De veit, det er jo litt prestisje innanfor Lindås ungdomslag å verta portrettert.
Det er ikkje første gong dette året at Beate er i vinden og mottar litt prestisje.
- Etter å ha vunne ein av innsatsprisane i LUL så er vel dette kvardagskost for deg no,
spøkar reporter Halsøy. - Å, nei det må de ikkje tru, svara ho i ein seriøs tone.
- Det var veldig uventa.. eg blei mållaus.. og det er ikkje ofte det skjer.. og litt flau..
men heilt klart stolt, rødmar Beate. - I eit lag der så mange er så involverte i alt som skjer
og der så mange kunne ha fortent ein innsatspris er det stort å bli heidra på den måten.
Og den beste måten å takka for prisen er vel å yta endå litt meir, og det har eg tenkt å gjere.
Utover i intervjuet skjønar me at det er eit ordentlig rivjern me har med å gjere her. - Har du danna deg eit livsmotto, undrar reporter Toppe. - Ja, eg likar å sei: forventar du deg ingenting, får du ingenting. Me samtykkjer i dette djupe mottoet, men finn ut at me må stille eit anna spørsmål, slik at me ikkje synk alt for djupt.
- Favorittrett? - Potetstappe frå pose og servelatpølse. Nam, nam, nesten ropar ho ut i lokalet. Me fniser igjen, og tenker at portrettet skulle heitt fnisportrettet. I tillegg til å vere aktivt medlem i gruppe 4 i Lindås ungdomslag har Beate vore svært opptatt i Lindås skulekorps i si tid. Og i vår klarte ho å få i gang eit samarbeidsprosjekt mellom sine to hjarteborn. Nemleg Lindås skulekorps og gruppe 3 i LUL, som Beate er instruktør for.
- Me laga eit show som heitte; "Med The Beatles på plakaten". Me kan sjå at Beate har stjerner i augo. - Det var veldig kjekt. Mykje song, dans og jentekrangling, skyt ho inn. Me anar ein tone av stoltheit i stemma til denne flittige instruktøren.
- Det er vel litt annleis å vera instruktør enn å stå på scena som aktør sjølv. Korleis ladar du opp i førekant av showet, vil reporter Halsøy vete? - Hmm.. ladar opp. Beate smakar på dette spørsmålet. - Det vart mykje organisering, men heldigvis hadde eg med meg flinke foreldre som tok mesteparten av papirarbeid, kostymesying, kulissar og diverse. Eg prøvde å halde meg rolig på utsida, men på innsida var det mykje tankar om korleis ein skulle verte ferdig før premiera.
Neste spørsmål kjem spontant frå Toppe. - Kva er det kjekkaste med å vere instruktør for gruppe 3? Beate smiler til oss - Nesten alt er kjekt med å være instruktør for den gruppa. Dei er ein kjempegjeng og eg har eit fantastisk foreldreapparat som hjelper meg med alt eg treng. Men det kjekkaste er når dei plutselig slår til og tar seg heilt ut på øving. Då vert eg glad!
Når me er så heldige og har ein ringrev som intervjuobjekt, vil me sjølvsagt få vete litt om historia bak Beate si flotte karriere - Når starta di karriere i LUL?
- Det er lenge sida. Eg har vært med i Haugatun så langt tilbake som eg kan huska. Det var alltid så stas å få være med i Haugatun på øving. Men første rolla var vel i 4-5 års alderen. Eg skulle få lov til å være med på scena. Eg var hare, og eg vart leid inn og leid ut igjen. I mellomtida berre stod eg dar.
Men etter kvart har det jo blitt større roller, kva vil du sei har vore ditt høgdepunkt på scena med LUL, spør reporter Halsøy over kaffikoppen. Beate tar seg ein slurp kaffi og svara: - Det må verta som Rizzo i Grease. Det er i alle fall det eg tenkte først på.
- Kva ville vore di drømmerolle i ei oppsetning? Reporter Toppe spør gjennom kremen frå napoleonskaka, som no renn nedover haka. - Florence i musikalen Chess. Svaret kjem så kjapt at me nesten dett tå stolen, og napoleonskaka til reporter Halsøy møtar golvet med eit klask.
Etter å ha moppa golvet på teaterkafèen og kjøpt ein skillingsbolle til reporter Halsøy som trøyst for den tapte kaka, fortset me med intervjuet. - Kva er grunnen til at du etter alle desse åra har fortsett i LUL? Beate bit seg i underleppa: - Eg får nesten lyst til å sei "gammal vane", men det er jo den andre familien min. Ein forlet ikkje berre familien sånn utan vidare. Klart me er ueinige av og til, men eg ser på det som ein slags søskenkjærleik. Eg trur faktisk eg kalla Jan Arild Lindås for "pappa" ein gong!! Me slår oss på knea og fniser så høgt at dama bak disken truar med å hive oss ut. Me prøver hardt å konsentrerer oss om Beate og intervjuet igjen. Beate fortset: Den eine 17.mai revyen eg ikkje var med, og måtte sitte i salen hadde eg det fysisk vondt. Det var grufullt og eg håper det aldri skjer igjen. Så har me berre tid til eit spørsmål til, og det vert sjølvsagt: - Kva er ditt beste minne frå tida i Lindås Ungdomslag? - Å det er mange gode minner å ta av. Men det absolutt beste minnet er når ein del av jentene i ungdomslaget bestemte seg for å laga filmen "Brakkemysteriet". Det er ein fredagskveld som er worth to remember!!
Då var diverre opningstida på kafeen over, og me mottar blikk frå betjeninga som ikkje lar seg misforstå. Dei er nok lei oss fnisejentene no. Me takkar Beate frå fagre Fjellanger for intervjuet, og håpar at "Brakkemysteriet" vert å finna for sal i butikkhyllene om ikkje så lenge!



