TETT PÅ HÅVARD
Det er sundags ettermiddag når me møter Håvard Vagstad i Skrenten 5. Her sit han og smiler i kapp med sola, som ikkje skin - Han helser på oss, og seier at han føler seg beæra av å verte den fyrste som vert intervjua for det nye forumet på Lindås ungdomslag sine sider (Ikkje treng det nevnast at det var han sjølv som meldte seg særs så frivilleg).
Me byrjar mjukt med dei enkle personlege spørsmåla.
Navn og alder? - Håvard (Dos) Vagstad, 24 år
Sivilstatus? - singel
Yrke? - Student på 5’te året (sivilingeniør, linje: maskin - Spesialisering: produksjonslogistikk)
Livsmotto? - "Tar det som det kjem"
Favorittrett? - Akkurat no må eg påstå at eg syns chicken tandori er veldig godt! Ellers er biff med fløtegratinerte poteter ein av dei absolutt betre rettane!
Favorittdrikk? - Ein god kald lettøl på ein god kald lettfatøl fra Hansa på ein varm sumardag er herleg!
- Dette var jo ingen sak, seier Håvard nøgd, der han humrar for seg sjølv i den gode skinnsofaen til sin gode ven Tor Halvor.
- Kan du hugse eit spesielt morosamt augenblink i frå livet ditt, undras vi?
Håvard slår seg på kneet og ler sin velbrukte og gjennkjennelige latter. - Vanskelig å sei, for eg har mange flotte og morsomme stunder kvar einaste dag, smiler han varmt mot oss. Han hugsar godt sitt første kyss, seier han. Det var nett etter at han var født, og mamma Liv Berit skjenka han eit herleg smellkyss. - Det må vere det beste kysset eg nokon gong har fått, seier mammas lille gullgutt.
Me føler me har høyrt nok om familie relasjonane hos familien Vagstad, og vil gjerne vri intervjuet inn på eit anna tema. Grunnen til at nettopp Håvard vert intervjua, er jo fordi han har lang fartstid i Lindås ungdomslag, til tross for at han for tida har ein liten utdanningspause medan han studerer i Trondheim. Han byrja i laget den gongen han var ein uskuldig 16 åring.
- Eg høyrde ryktet om at det var ei ledig stilling som lysmann etter at Jon Haukås gav seg. Og eg tenkte som så at.. eg har jo hårfargen dei e på jakt etter, så kvifor ikkje.
- Kortid var det du merka at du hadde ei skodespelarspira i magen?
Me ser at Håvard raudmar litt, medan han svarar beskjedent, - Eg har vel egentlig ikkje merka det endå då... Men me som kjenner Håvard veit betre. Dette er ein gut full av kreativitet. Denne vert til dagleg nytta mellom anna når Håvard diktar om gode gamle slagarar, til songar med ny meining (og av og til utan meining).
Som medlem i ungdomslaget kan ein til tider få nok av samfunnshuset Haugatun, så me undrar på kva forhold Håvard har til huset?
- Eg har aldri hatt eit direkte forhold til eit hus. Må påstå at det ville bli litt merkeleg. Blir sjølvsagt litt lei av huset i dei tider der det er mykje øving, men ellers føler eg at eg og huset har eit veldig profesjonelt forhold! Me utveksla raskt eit blikk, og nikkar forståelserfult til vårt intervjuobjekt.
Har du nokon gong undrast over kor mange timar du har tilbrakt i Haugatun?
- Oj.. sei kvar onsdag, 40 veker i året, 3 timer kvar gang, i ca 7-8 år.. det blir ca 840 timer.. Så kjem utallege timar med helgeøvingar, forestillingar, diverse tillaging. Tipper vi fort er oppe i 1200-1300 timar. Så kjem den tida Bianco var i Haugatun. My God.. Tror vi plusser glatt på minst 1000 timar til!! Så då kan vi sei ca 2500 timar pluss minus eit par hundre timar. Viss eg skulle gjere dette om til dager blir det ca 105 heile døgn. Noko som då er ganske mykje. Men egentlig trur eg at det er meir enn det og. Og han er einig med oss, om at å skulle bruke endå fleire timar i dette huset, som til dømes på sin eigen bryllupsfest, nok vil verte uaktuelt.
Til slutt sit me igjen med kun eit spørsmål: Kva vil du sei har vore ditt høgdepunkt på scena med LUL?
- Eg har hatt utruleg mange bra augneblink på scena. Synes det er vanskelig å framheva noko. Debuten var sjølvsagt eit bra kick. Ellers har eg vore med på mange gode sketsjar. Til slutt vil eg sei, at det sosiale som skjer bak scena og er vel så viktig for at ein skal trivas der oppe. DER er det mange gode øyeblikk der.. Oj oj!!!! Ville ikkje bytta dei vekk for noko. På mange av øvingene er det òg nokon nydelige poeng...
Me takkar Håvard for eit fantastisk intervju.
- Nei, sjølv takk seier han, og gjer oss ein klem slek berre Håvard kan.
