• Hovudmeny
  • Heim
  • Nyhende
  • Framsyningar
  • Billettar
  • Galleri
  • Grupper
  • Portretter
  • Kurs
  • Om oss
  • Styr og stell
  • Oppslagstavle
  • Kontakt oss
  • Gjestebok
Sponsor

KONGEN AV LUL

Jan Arild



Ute regna og blas det, men me satt varmt og trygt inne på kontoret vårt. Denne månaden hadde me hugsa å sjekke kalenderen vår, og i dag var endelig den store dagen. Me skulle få besøk av mannen med stor J - ringreven over alle reveraser - som ikkje utan grunn er æresmedlem i ungdomslaget - JAN ARILD LINDAAS!
Me hadde nett satt fram ostepoppen (som me veit Jan Arild berre simpelten elskar) og twisten på det nyinnkjøpte møtebordet vårt då det banka på døra.
Redaktør Toppe spratt opp, og sprang med lette skritt mot døra. I det ho opna, var det som om sumar og sol strauma inn i kontorlokalet, men når døra var sklidd heilt opp såg me at det berre var månen da skein i.

Jan Arild hadde, som den gentlemannen han er, med seg to bukettar med eit dusin roser til kvar. Me rødma i det me tok i mot han, og ba han setje seg ned i massasjestolen me hadde funne fram til han.

Vårt intervjuobjekt tok som vanlig kontroll frå fyrste sekund. - Eg kan berre starta med å svare på desse spørsmåla her.. sa han, og reiv frå reportar Halsøy notatboka.




Namn og alder: Jan Arild Lindaas og født ja, i 1954.
Bustad: Sjølvsagt - Midt i smørauga (på Lindås).
Familie: Ja, mykje familie. T.d. kan eg nemna to søner og sambuar som dei næraste.
Yrke: Etter ei heller stor omvelting (omorganisering) der eg jobbar, er eg no "rein" planleggar. Den var ikkje enkel, men slik er det.
Livsmotto: Prøva å vera rettferdig (men det er søren ikkje alltid lika enkelt!).
Favorittrett: Kanskje må det verta raspeballar, eller komle som dei seier der eg vart fødd og levde mine første år. PS. Til jul heldt eg ein knapp på pinnekjøt.
Favorittdrikk: Det er... Nei, det kan eg ikkje seia i denne samanhengen. Eg kan sei så mykje at han er brun på farge og at me får han korkje på Rema eller Kiwi.
Favorittartist/gruppe: Ho er kanskje ikkje favoritt, men eg fekk respekt og stor sans for Elisabeth Andreasson etter å ha opplevd ho saman med mange psykisk utviklingshemma på scena i Oslo på ein Dissimilisfestival for nokre år sidan.
Favorittfilm: Den er ikkje spela inn enno. Kanskje vert det den om soga til LUL, om nokon tør ta i ferde med eit slikt prosjekt.


- Takk, takk, ropar reporter Toppe, og prøver å stogge munndiareen som tydeligvis har slått hardt til i dei ytre strøk av Skrenten. Me prøver å by han på litt ostepop, men ein travar som Jan Arild har mykje å fortelje. Før han får tatt ordet igjen, skyt me inn med eit spørsmål: - Kva ville vore din personlege eigendel på Robinson-øya?
Med eitt blir vår gode mann litt usikker. Han vrir seg i stolen, og me kan nesten sjå at svetten dirrar i takt med massasjestolen.
- Samboaren min...?! Nei, her må eg nok skuffa. Eg har ikkje sett eit einaste Robinsonprogram og veit knapt kva det går ut på. Sorry.
Me stivnar til i det me høyrer det siste ordet som slepp over Jan Arild sine lepper. Han skjøner kva gale han har gjort, og er snar med å unnskylda seg. - Det var vel ikkje eit godkjent nynorskord det der. Sorr... ’kremt’.. eg meinar årsak!


Tårene står i auga til Jan Arild, og me kjenner kor morsinstinktet veks i oss begge.
- La oss legge dette bak oss, og snakke om nokre hyggelegare hendingar. Har du for eksempel eit koseleg ferieminne? Jan Arild lyser opp, og tek snart orda i eigen munn att.
- Her kan eg nok nemna litt ymse, men litt spesielt var det då me kom frå Danmark og hotellet me hadde bestilt var fullbooka og ikkje klarte skaffa oss anna overnatting. Då måtte dei tilslutt ut med tårnsuiten som Kronprinsparet nett hadde brukt på si "signingsferd". Der hadde dei nok ikkje lidd nokon naud, og da gjorde ikkje me heller.. hehe.
Me slår oss på knena og ler hjarteleg i lag med Jan Arild, den skøyaren! Han lener seg godt tilbake i stolen, før han utbryt: - Det er så herlig med fredag! Då føler ein vonaleg at ein har fått utført noko fornuftig på jobben og kan sjå fram til nokre fridagar saman med dei du er glad i. Han lener seg over bordet og kviskrar til oss - Sjå også under punktet "favorittdrikk", om de skjønar.
Skøyaren Jan Arild er komen for og bli, og me veit me oss sjølve at dette kjem til å verta ein god fredagskveld.

Det oppstår eit sekunds stillheit, og som dei erfarne journalistane me er, vekslar me blikk og skjøner at me no er komen til essensen i intervjuet: Jan Arild si karriere i Lindås Ungdomslag. - Når starta eigentleg karriera di i LUL?
- Ja, sei det. Det er eg neimen ikkje sikker på, men eg trur det må ha vore ein gong på syttitalet. Reporter Toppe mistar kulepenna i bakken, og reporter Halsøy set safta i halsen.
- Syttitalet???!! Fanns ungdomslaget då? Jan Arild ser litt forlegen ned i gulvet. - Eg hugsar me gjekk på noko som heitte lagsmøte. Det var i Haugatun om sundagane. Det var alltid ei nemnd som hadde ansvar for desse møta. Nemnda måtte syta for underhaldning, skriva og lesa frå lagsbladet som var eit handskreve lagsblad på den tida, setja ut stolar og bord, rydda oppatt, syta for at me hadde noko å bita i og noko å drikka, og passa på at ei ny nemnd vart vald for neste møte.
Nok ein gong vekslast blikk over bordet, og reporter Halsøy prøver å høyre overbevisandes ut i det ho seier. - Du, det høyrtes kjekt ut...! Skulle me ikkje ynskje at ungdomslaget var slik i dag òg reporter Toppe??


Jan Arild overhøyrer den påtatte interessa, og fortset. - Det var på eit slikt møte eg hadde mi første solo-opptreden i Haugatun. Det var nok mange som vart skuffa. Eg drakk berre ei flaske solo på scena. Reportar Toppe sit med stjerner i auga, og ser på den velpolerte kjekke mannen over bordet. - Så lenge det er du som gjer slike stunt Jan Arild, vert ingen skuffa.

Me kikkar på Elvis klokka på veggen, og konstanterer at det er på tide å avslutta. - Eit siste spørsmål til deg Jan Arild: Kva er ditt beste minne frå tida i LUL?
Det er vanskeleg å trekka fram noko som er betre enn det andre. Det er så mange gode minne. Når eg ser at de ungdomane lukkast på scena i ei rolle, ein song eller ein sketsj som de har "slete" med, så vert eg glad. Å sjå venskapen, samhaldet og samarbeidet, og få vera ein del av dette, det varmar meg.
No, vart eg nok litt sentimental, men det får så vera, for det er ein ting til eg vil nemna. Her er eg riktig nok inhabil, men det eg tenkjer på er samarbeidet med LOAS, no LLS (Lindås Læringssenter). Eg ser ikkje på dette samarbeidet som ei sjølvfølgje. Men det gleder meg umåteleg at de vil vera med å opptre saman med ungdomane frå LLS gong etter gong. De skal veta at dei òg set pris på dette samarbeidet. Det skal de ha stor TAKK for!

Me reiser oss samstemte og omfavnar denne gode mannen! Han får slengkyss med seg på vegen heim, og me innser at Lindås Ungdomslag ALDRI ville vert det same utan han.

Jan Arild Ringreven i bilder

Journalistar: Halsøy & Toppe
Lindås Ungdomslag 2005, xhtml, css