• Hovudmeny
  • Heim
  • Nyhende
  • Framsyningar
  • Billettar
  • Galleri
  • Grupper
  • Portretter
  • Kurs
  • Om oss
  • Styr og stell
  • Oppslagstavle
  • Kontakt oss
  • Gjestebok
Sponsor

JEANETTE-PORTRETTET

"mjuk og god, og lukta godt!"

Jeanette



Det var fredag 30.september og me hadde handla inn druer til vekas redaktørmøte. Sakslista var klar og druene smakte fortreffeleg.
Det var i den augneblinken redaktør Toppe lena seg over for å ta ei ny drue, ho merka seg datoen på kalenderen. Det høyrtes eit gisp gjennom forsamlinga, og redaktør Halsøy kjende håra på armen reise seg. "September-portrettet!! Me har gløymt september-portrettet!!!!".
På nytt var blodtrykket på det normale 180/150 og redaktør Halsøy konkluderte "no må me tenkje kjapt!!!". Blikk vert veksla, og det er nesten som ein kan høyre hjernecellene der dei trampar rundt i hjernebarken. Med eit stod det lysande klart for oss; den einaste som kunne redda oss no var ei ven jenta frå inst i Gaulen.
Jeanette Sleire!!


Duskregnet hamrar mot ruta i det me vrenger Ladaen inn mot Gaulen. Kva vil me finna i dette villfarne terrenget? Jo ei jente, nøyaktig 68 dagar frå sin store 18-årsdag. Inst i Gaulen bur ho, i lag med mor si og mor sin Frode.
Mykje av tida si nyttar ho på Knarvik vidaregåande, der ho legg ned mykje energi og krefter på å iallfall ikkje bli ei kontorrotte som lever på matematiske formlar.
Nei, denne jenta skal det bli noko stort av, der ho får brukt sin fantasi og kreativitet.

Elles brukar ho tid på ein god liten ven, som ho likar å kalla Thomas. Det beste Jeanette veit om, er når kjem heim frå skulen og finn Thomas i full sving på kjøkkenet. Der kokkelerar han med potestappe og fiskebollar i kvit saus. Helst knaspa godt saman i ein god, blaut, graut.


Etter middag tek Jeanette fatt på dei store fritidssyslene sine; leksar, leksar, og kanskje litt Rema 1000. Dette er nemleg ei jente som allereie arbeidar for det daglege brød. Reporterane med mange års erfaring frå Spar, påpeikar at Jeanette enno ikkje er gamal nok til sitje i kassa (hehe).

Me stoggar Lindås Ungdomslag sin firmabil framom det vakre kvite huset. Det verkar som om duggregnet har tatt sekken sin og gått, og at sola no kikkar fram. Men nei, det er berre Jeanette som står i døra for å ynskje oss velkomen.
"Eg skulle gjerne ha laga litt kakao til dykk, sida det er min favorittdrikk. Men sidan eg mest drikk vatn, så får de nok heller det!".


Me takkar varmt for vatnet og prisar oss lukkeleg for at det framleis finst kjekk ungdom på Lindås. Det er jo tross alt desse som skal ta vare på oss når me vert gamle og skrale.
Me set frå oss vatnet i gongen medan Jeanette heng opp jakkene våre. Så stig me inn i den varme, lune stova. På fjernsynet surrar teiknefilmen Lilo og Stich. Ein vakker barnefilm om venskapen mellom ei jente frå Hawaii og eit rart lite romvesen.
"Ja, eg likar filmar som får meg til å gråte, både av glede og sorg".
Det rører to gamle reporterar ved hjarterota, at ei jente som ikkje eingong er myndig, kan vera så reflektert og djup.

Sofaen ser innbydandes ut og me set oss henslengt ned. Jeanette ser på oss etter at det fyrste spørsmålet er komen på bordet.
"Vil de veta kva eg ville tatt med meg på ei aude øy seier de?" Me vekslar raske, spente blikk og nikkar samtykkjande.
"Det må ve ra Trulte. Det er min bamse som er så god å ha. Eller kanskje ein barberhøvel når eg tenkjer meg om to gongar. Nei, tannkost!! Jo tannkost, der har vi det!! Går det an å få tre eigendelar med", spør Jeanette.
No sprudlar ho over av energi, akkurat slik me kjenner ho frå Lindås Ungdomslag sine øvingar. Me klarar ikkje sei nei til desse spørjande dådyr-augene, sjølv om ALLE veit at ein berre får ta med deg EIN ting på ei aude øy. "Jada Jeanette. Du kan sjølvklårt få lov å ta med deg alle dei tinga".

Som erfarne reporterar skjønar me at det er eit spørsmål til me treng å spørja:
"Har du noko meir du har lyst til å fortelje oss Jeanette?". Me visste at me ikkje tok feil når ho trekkjer pusten djupt inn og berre byrjar:
"Ja, det har eg faktisk! For eksempel.. den aller gøyeste ferien eg har vore på må vera jenteturen til Danmark no i sumar. Det var spanande det! Heilt utan mamma i eit framand land, langt, langt borte!!
Og du.. så er eg ikkje så spesielt romantisk av meg. Ja det må eg berre sei!! Men eg kunne ynskje eg var det, for det verkar så koseleg på film. Og så er eg rastlaus og lat. Ja det er sant altså!! Og som oftast er eg glad så lenge eg ikkje er trøyt eller svolten!".
Jeanette ler sin smittende latter, og me undrar om det er no ho skal trekkja pusten. Men ho fortsett i same tempo og føyer til: "..og så likar eg å le og tulle meg, tji hi!!".

Det oppstår ein etterlengta pustepause og me kan sjå at det er noko ho heldt tilbake. Ho vil fortelje oss ein hemmelegheit.
"De må love å ikkje seia det vidare!?", seier ho. Me skjønar fort at Jeanette ikkje har vore så mykje borti pressefolk før, men me har ein deadline me må halde.
Så med ein svak aning av dårleg samvit, kryssar me fingrane bak ryggen og nikkar ihuga. Jeanette bøyar seg over bordet og kviskrar: "Når ingen ser meg, står eg foran spegelen med hårbørsten min. Og då dansar eg og svingar meg i takt med musikken til det amerikanske tenåringsidolet Christina Aguilera. Dansestega tek eg sjølvsagt med meg på øvingane i Haugatun".

For det må seiast, at Jeanette kan føyast inn i rekkja av dei hardbarka LUL’arane.


"Når starta di karriere i LUL?", undrar reporter Toppe. "På barneskulen må det ha vore. Kan det ha vore i sjette klasse tru?". Jeanette tenkjer. "Eg hugsar ikkje kvifor eg byrja, men det har eg lurt på mang ein gong. Men eg trur nok det var på grunn av at eg likte å holde på med slike ting".

Reporter Halsøy tek opp tråden og spinn vidare på dette emnet: "Kva er grunnen til at du har fortsett i LUL?".
"Eg likte meg godt frå fyrste stund. Fekk meg mange nye vener, og me held jo på med slikt som eg likar å gjere på". Plutseleg reisar Jeanette seg og spring mot veggreolen. Ho drar fram eit godt brukt fotoalbum; "eg må visa dykk bilete frå musikalen Grease, der eg hadde mi største rolle til no. Det kan nok kallast mitt høgdepunkt på scena med LUL.
Jeanette viser oss fleire bilete frå albumet, og det slår oss at ho tar seg godt ut enten ho er ku eller fugl!


Før me takkar for stunda og tar fatt på vegen heimatt, har me eit siste spørsmål til Jeanette; "Kva er det beste minne ditt frå tida i LUL?".
Ho tenkjer litt og svarar: "det gøyeste var då me små endeleg kom opp i den vaksne gruppa. Spesielt gøy var det at me kom så fort inn i ’gjengen’ og at alle saman tok kjempe godt i mot oss. Eg synast me fungerar kjempe godt i lag alle saman.
Elles er tida i Lindås Ungdomslag eit einaste stort minne. Ei tid eg aldri ville vore forutan rett og slett!".

Det slår oss at sjølv om me er hardbarka pressefolk, så får me dugg på auga når desse orda vert sagt.

Sikta heim er dermed endå dårlegare enn då me kom.

Jeanette Jeanette den blide

Journalistar: Halsøy & Toppe
Lindås Ungdomslag 2005, xhtml, css