MYSTISKE MARTE
17.februar 2006
Toppe og Halsøy stig ut av limousinen, og er på veg inn til dagens jubilant. Det skal bli godt med eit festlig sosialt arrangement i dag. Dei siste månadane har vert travle for dei to stjernereporterane Toppe og Halsøy. I tillegg til harde avhøringar av notatblokktjuven har full pressedekning av kassasuksessen "My Fair Lady" tatt på kreftene.
Det heile byrja den siste dagen i da gamla året, og stemninga var å til å ta å føla på...
Siste dagen i 2005
På forhørsstolen vår på kontoret sit det ei nedbrutt jente i nisseklede.
Marte Fauske er blitt anklaga som notatblokktjuven. Firmajakkene har skifta logo, og er no:
LULI - Lindås Ungdomslag Investigation. Me byrjer med dei vanlige forhørsspørsmåla.
- Namn og alder? Marte Fauske, 20år.
- Bustad? Downtown Fjellanger.
Reportar Halsøy, alias Sipowicz, snur seg brått frå si tenkande stilling.
- Ikkje den brå kjekke tonen til meg unge dame.
- Familie? Reportar Toppe har og sett på NYPD Blue. - Mamma Reidunn, Pappa Terje,
bror Bjarte og bror Eirik, stammar tiltalte fram. Reportarane vekslar blikk.
- Sivilstatus? Fri som fuglen.
Toppe og Halsøy kjenner kor det går kaldt ned over ryggen i det dei høyrer igjen desse orda.
Det er ikkje tvil om at dette er den skuldige.
- Livsmotto? Har du lyst, har du lov.. dett det ut av Marte. - Oj, det skulle eg ikkje ha sagt.
Ho kikkar ned i golvet, i det det går eit sukk gjennom forsamlinga. Reporter Halsøy er ved å brekke
seg igjen, men reportar Toppe er sterk. - Så då har me funne motivet ditt for ugjerninga.
Men me treng fleire bevis. Reportar Toppe ser på Mikke Mus detektivbeviset sitt, og kjem plutselig på eit forrykande bra spørsmål:
- Kva er din favoritt rett? Marte vrir seg i stolen. - Wok med kylling og grønnsaker er alltid ein slager. Kinamat og heimelaga pizza er og nokre av favorittane.
- Andre fritidsinteresser utanom LUL? Så mangt.. vere med venner, ta en fest eller to, vere ute.. Marte svelger tungt, før ho legg til: og så liker eg å hekle. Brikkene byrjer å dette på plass, men enno er det noko me undrar oss litt over. Toppe snur taktikken, og benytter seg av eit lure spørsmål.
- Kva ville vore din personlege eigendel på Robinson-øya? Hmm.. kanskje et fotoapparat. Eller en bok.. nei, eg trur nok det må vere lypsyl. Me kan sjå svetteperlane i panna hennar, i det ho skjøner at ho har satt den siste puslespelbrikka på plass for oss.
- Kvifor byrja du i LUL? Undrar reportar Halsøy. - For å vere sosial, og gjere ting som eg liker. Alle folka e nok ein god grunn
til at eg har fortsatt i LUL. Me har eit veldig godt samhald oss i mellom. Det er liksom alltid gøy ,
- seier skøyaren Marte.
Me drøymer oss litt bort i alt det fornuftige Marte fortel oss, og me gløymer at me heldt eit avhøyr.
- Kva vil du sei har vore ditt høgdepunkt på scena med LUL? Spør Toppe og smilar. - Spelemann på taket var veldig artig,
og ABBA med Loas var og fantastisk. Sakte men sikkert byrjer dei to reportarane og smelte, og dei skjøner med seg sjølv at
dei i grunnen liker denne mystiske Marte. Eg har eit spørsmål til ropar Halsøy ut.
17.februar 2006 - Helge Jordal fyller 60 år - Overraskande vending
Etter å ha deltatt i den eine festligheiten etter den andre, er det no på tide å sei gratulere med
dagen og takk til Helge Jordal. Me må byrje å fokuser på verda rundt oss igjen. Mykje har skjedd sida notatblokk mysteriet.
Brått ringjer firmatelefonen til Toppe. - Hallo, seier ho med den vanlege stemmen. - Kva er det du seier? Utbryt Toppe.
Redaktør Halsøy blir interessert i kva dette kan dreie seg om. Er det dei ho trur det er som ringer?
Toppe sleng på røyret, og ser alvorleg ut, berre slik ho kan sjå ut.
- Var det Lindås og Meland lensmannskontor? undrar Halsøy.
- Eg er stygt redd for det. Eg er redd for å måtte skuffe deg Halsøy, men har alvorlege nyhender til deg.
Sjølv om me valde å ikkje melde Marte Fauske til politiet for notatblokktjuveriet, kan det sjå ut som om dei har
tatt saken i eigne hender. Halsøy er skrekkslagen. - Kva er det du seier. Vår Marte Fauske?
- Ho er dessverre blitt send til Guatemala for å bøte for sine synder. Halsøy knekk saman i gråt.
- Ta det me ro, trøyster Toppe. Ho kjem att om 2,5 mnd. Og då vert ho sikkert med på revyen. Halsøy tørker tårene.
- Ja, ja, det var kanskje for det beste. - Og moralen er? seier Toppe.
- Der kan de sjå kva som skjer viss nokon tenkjer på å stele notatblokka vår att...



